Hopp til innhold

Går inn for fleire vindmøller

Kommunestyre i Selje vedtok i dag å byggje den omstridde vindmølleparken på Okla på Stad.

Kommunestyret i Selje.

Kommunestyret i Selje banka onsdag igjennom konsesjonssøknaden på vindmøllepark på Stadlandet.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Marit Aarvik frå Framstegspartiet stemde imot.

Sju til ti vindmøller

Miljøverndepartementet stogga i 2002 ein vindmøllepark 500 meter i luftline frå prosjektet dei i dag gjekk inn for. Riksantikvaren og Direktoratet for Naturforvaltning gjorde i 2006 ei gransking der dei kom fram til at Okla er mellom dei åtte mest konfliktfylde vindkraftprosjekta i landet .

Det er NVE som har konsesjonssøknaden med konsekvensutgreiing frå Vestavind Kraft AS ute på høyring. Fristen er til 7. januar 2009.

190 millionar kroner

Anlegget består av ti vindturbinar med total effekt på inntil 21 MW. Ferdigstilt vil parken produsere krign 65 GWh. Det tilxsvarar det årlege el-forbruket til kring 3 000 husstandar. Den totale investeringa for det planlagde vindkraftverket er i konsesjonssøknaden berekna til 190 millionar kroner.

Tysdag fekk Kvalheim Kraft tilsagn om 93 millinoar kroner til utviding av Mehuken vindpark i Vågsøy .