- Det stiller eg meg heilt uforståande til. Eg har aldri opplevd maken etter 20 år i bransjen, for å seie det sånn, seier direktør ved kunstmuseet, Morten Johan Svendsen.
Berre 17 frå Førde
2500 elevar frå heile fylket har i vår besøkt Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde sine fire utstillingar rundt om i Sogn opg Fjordane. 700 elevear besøkte fotoutstillinga museet i Førde. Det direktør Morten Johan Svendsen tykkjer er rart, er at det berre kom 17 elevar frå dei ti grunnskulane i Førde kommune. Ein av årsakene trur Svendsen er at Førde-skulane ikkje tek kunstfaget på alvor.
Går ut over elevane
Svendsen trur dette kan få følgjer for elevane sin kunstkompetanse.
- I verste fall får vi ein heil generasjon med born som ikkje får høve til å stifte kjennskap med kunst- og kulturuttrykk i vår tid.
Museumsdirektøren utelukkar ikkje at det kan vere museet si eiga marknadsføring som har svikta, men seier at dei fekk god respons frå dei fleste andre skulane i fylket i samband med den siste utstillinga.
Elevane i Førde får lage kunst, men ikkje gå på utstilling. Verk frå Ungdommens kulturmønstring 2003.
Har ein jobb å gjere
Førde Ungdomsskule og Sogn og Fjordane kunstmuseum er naboar, likevel har ikkje skulen besøkt kunstmuseet på to år, seier Svendsen. Faglærar i kunst og handverkfag, Ove Igelkjøn ved Førde Ungdomsskule seier dei prioriterer at elevane skal jobbe med eige kunstarbeid i staden for å gå på utstilling. Dei oppmodar elevane om å bruke museet i arbeidet på skulen eller at besøker museet privat. Direktør Morten Johan Svendsen, meiner både museet og grunnskuelane i Førde har ein jobb å gjere.
- Vi må bli flinkare til å utforme våre tilbod, og skulane må bli flinkare til å legge opp undervisninga slik at dei kan nytte seg av våre tilbod, seier Svendsen.