NRK Meny
Normal

Går ikkje for å frede fødetilbodet

Senterpartiet snudde i fylkestinget i dag ryggen til Høgre, Frp, Venstre og KrF sitt framlegg om at lokalsjukehusa skal ha fødetilbod minst på dagens nivå.

Frank Willy Djuvik, Marit Krogsæter, Mathias Råheim og Jenny Følling

KRITISK: Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet (t. v) var krass i kritikken mot Senterpartiet og Jenny Følling (t. h.)

Foto: Bård Siem / NRK

I staden velsigna partiet dei langt mindre forpliktande formuleringane i Soria Moria-erklæringa.

Gruppeleiar Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet tykkjer dette er heilt utruleg av Senterpartiet.

– Liv Signe Navarsete er veldig konkret i kva ho meiner, men Senterpartiet i Sogn og Fjordane følgjer ikkje det opp. Det er litt rart at når ein på regjeringsnivå og nasjonalt partinivå faktisk går inn og definerer, og så vil Senterpartiet i Sogn og Fjordane ha eit dårlegere tilbod enn det. Det tykkjer eg er merkeleg.

Ikkje nådig i kritikken

Det kom umiddelbart for dagen at føde- og akutttilbodet ved lokalsjukehusa i Eid og Lærdal ville bli det store stridstemaet, då fylkespolitikarane tidlegare i dag møttest for å få på plass ein høyringsuttale i samband med den nasjonale helseplanen.

Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet var ikkje nådig i kritikken mot Senterpartiet.

–Det kan vere verdt å merke seg at Jenny Følling går for å vere fylkesordførar og ho treng nok fleire enn røystene til folk i Førde og Gaular for å bli det.

Gjorde livet surt for Sp

Opposisjonen, representert ved Høgre, Frp , Venstre, KrF og Ap-utbrytaren Gunnvor Sunde, visste korleis gjere livet surt for Senterpartiet. Ved å leggje inn formuleringa om at lokalsjukehusa må ha fødetilbod på minst dagens nivå, måtte Senterpartiet i fylket velje mellom å støtta Soria Moria-erklæringa eller å gå for partilleiinga si line.

– Det er ikkje vanskeleg for meg å røyste for det vi vart einige om i Soria Moria-erklæringa.

– Men poenget er vel at ein ikkje er einige i Soria Moria? Senterpartiet og Arbeidarpartiet ser dette på vidt for forskjellige måtar. Navarsete kjempar med nebb og klør, og her røystar Senterpartiet mot?

– Senterpartiet røystar for formuleringane i Soria Moria, og det føreset at det som ligg der skal følgjast opp. Det har regjeringa eit ansvar for.

– Men i regjeringa er det usemje, er det ikkje betre å røyste for dei andre partia sitt framlegg?

– Soria Moria må avklare kva dei faktisk meiner. Vi legg til grunn det dei har sagt, og det har dei ein jobb å avklare i regjeringa.

– Det blir eit klart skilje

Også Gunvor Sunde kom med spark mot Senterpartiet.

– Eg legg merke til at dei går imot sin eigen partileiar, det hadde eg vel ikkje venta. Det blir eit klart skilje, at ein partileiar frontar at tenestene skal behaldast, og partivennene i fylket er ikkje villige til å ta opp den tråden og hjelpe partileiaren til å behalde tenestene i fylket. Dette forundrar meg.

Full støtte frå fylkesordføraren

Men Jenny Følling fekk full støtte frå fylkesordførar og partifelle Nils R. Sandal.

– Vi skal uttale oss til Nasjonal Helseplan og vi brukar eksakt same formuleringar som står i Soria Moria, om at vi skal ha eit desentralisert sjukehustilbod, inkludert lokalsjukehusa. Når vi opprettheld dette, kan vi gje eit godt tilbod på akutt og føde.

– Men det er jo usemje om dette internt i regjeringa. Blir det ikkje rart at Senterpartiet ikkje kjempar mot dette?

–Vi brukar dei same formuleringane, og det er det dei raud-grøne i fylkestinget ser ut til å samle seg om.

Og det vart også resultatet av dagens lange debatt i fylkestinget. Like før klokka 18 vart det klart at Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV fekk fleirtal for Soria Moria-erklæringa si line.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå