Hopp til innhold

Går i mot besøkssenter

Riksantikvaren reiser motsegn mot det planlagde besøkssenteret på Astruptunet.

Besøkssenter ved Astruptunet sett frå aust
Foto: Illustrasjone: Ly arkitekter

Det planlagde besøkssenteret ved Astruptunet i Jølster kommune har vekt stor lokal motstand.

Riksantikvaren har i dag bestemt seg for å reise motsegn mot reguleringsplan for området.

Aksepterer ikkje inngrep

Riksantikvaren vurderer Astruptunet som eit kulturminne av nasjonal verdi.

Det planlagde besøkssenteret og rasvollen rundt vil vere eit inngrep av ein slik skala at Riksantikvaren ikkje finn det akseptabelt, heiter det i ei pressemelding frå Riksantikvaren.

Ei rassikring av sjølve Astruptunet er ikkje råka av motsegna under føresetnad av at inngrepa som må gjerast i kulturlandskapet ikkje vert for store.

- Vil forringe opplevinga

Riksantikvaren meiner både besøkssenteret og rasvollen vil forringe opplevinga av Astruptunet og landskapet rundt.

Jølster kommune ynskjer å byggje eit nytt besøkssenter og galleri ved Astruptunet. Sogn og Fjordane fylkeskommune reiste motsegn mot planane fordi dei meinte bygging av ein rasvoll vil ha store negative verknader på kulturlandskapet.

I november var saka oppe i fylkesutvalet som ikkje hadde innvendingar mot planane om eit besøkssenter. Saka hamna difor hos Riksantikvaren.

Vurderer freding

Det ligg føre eit forslag om freding av Astruptunet som Riksantikvaren vil vurdere separat.