Hopp til innhold

Vil grille fylkespolitikarane om Fjord1

Kontrollutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ha full utspørjing av alle medlemmene i fylkesutvalet og eit breitt utval av fylkestinget etter bråket rundt reiarlaget Fjord1.

Møte i kontrollutvalet om Fjord1

SØKJER ETTER SVAR: Kontrollutvalet drøfta tysdag korleis dei skal gå fram i jakta på svar etter Fjord1-bråket.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Det er klart etter at utvalet i dag har bestemt seg for korleis dei skal gjennomføre ein full forvaltningsrevisjon av Fjord1 sitt morselskap F1 Holding.

– Det er viktig at alt kjem fram. Alle spørsmål må få svar for at ein skal kunne skaffe den tilliten som er naudsynt, både for folk og den politiske biten i fylkestinget, seier leiar i kontrollutvalet, Arve Mjømen (H) til nrk.no.

Bråk og påstandar om hemmeleghald

Gjennom F1 Holding er Sogn og Fjordane fylkeskommune med sine 59 prosent største eigar i Fjord1. Dei siste månadene har det storma rundt både reiarlaget med hovudkontor i Florø, og morselskapet.

I vår trakk to styremedlemmer seg frå Fjord1. Dei meinte selskapet, som dei siste åra har tapt fleire store anbod, mangla viktig kunnskap om anbodsfastsetjing. Det blei også hevda at fjorårets overskot i på 30 millionar kroner, i realiteten var fordekt underskot, og at Fjord1 er eit selskap i krise.

I kjølvatnet av dette har det blitt retta kritikk også mot morselskapet F1 Holding, der fylkesordførar Åshild Kjelsnes er styreleiar, med fleire fylkespolitikarar i styret. Mellom anna har Kjelsnes fått kritikk for å ha hevda at samarbeidet mellom majoritetseigar fylkeskommunen, og minoritetseigar Havilafjord AS var godt, trass i at e-postkorrespondanse som sa noko heilt anna, kom for dagen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Stavangerfjord i Arsvågen

SELSKAP I BROTTSJØ: Det stormar både rundt Fjord1 og morselskapet F1 Holding.

Foto: Jan Kåre Ness

Dette skal dei finne ut

I kontrollutvalet sitt møte tysdag la selskapet SF Revisjon - som skal utføre jobben - fram korleis dei meiner ein full selskapskontroll bør gjennomførast. Ansvarleg revisor Marianne Veka tok mellom anna til orde for å gjennomføre intervju av alle styremedlemmer i F1 Holding, medlemmene i fylkesutvalet, og eventuelt også politikarane i fylkestinget.

Marianne Vara i SF Revisjon

SKAL GRANSKE: Marianne Vara er ansvarleg revisor i SF Revisjon.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Etter å ha drøfta problemstillinga, landa kontrollutvalet på å følgje tilrådinga.

Selskapskontrollen skal mellom anna gi svar på om:

  • Selskapet opererer i tråd med aksjelova
  • Om vedtak i fylkestinget er følgt opp
  • Interne rutinar i selskapet er gode nok
  • Kommunikasjonen mellom F1 Holding og fylkespolitikarane er i tråd med reglar og lover
  • Kommunikasjonen med eigar (fylkesutvalet) er god nok til at ein tilfredsstillande kan utøve aktivt eigarskap
  • kommunikasjonen er rett journalført
  • Ein følgjer eigaren sine krav og forventningar

– Jaktar ikkje syndebukkar

Utvalsleiar Arve Mjømen strekar under at ein ikkje jaktar syndebukkar i prosessen som no vert sett i gang.

– Syndebukkar er ikkje vårt bord. Vi skal skape ein fylkeskommune som har tillit ute hos innbyggjarane. Vi skal ikkje vere dei som leitar etter syndebukkar, men dei funna vi gjer, kan sjølvsagt få ein vidare konsekvens, men det er ikkje vårt bord. Vi skal forvisse oss om at verdiane i fylkeskommunen blir forvalta på rett måte, for folket.

– Kva om det kjem fram brot på aksjelova eller andre lover, då vil det vel få konsekvensar?

– Då er det naturleg at nokon bør gå i tenkjeboksen, men det er ikkje vår oppgåve å gå vidare med det. Vi påpeikar i så fall kva som er gjort feil, så må andre ta oppdraget vidare, seier Mjømen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Kontrollsjef Einar Ulla og utvalsleiar Arve Mjømen

SVEKKA TILLIT: Kontrollutvalsleiar Arve Mjømen seier tilliten til handteringa av eigarskapen i Fjord1 ikkje er er god nok. T.v. kontrollsjef Einar Ulla.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Tillitskrise

I eit intervju med Firda opna han nyleg for at det kan bli aktuelt med ei eiga høyring for å få alt fram i lyset.

– La oss først sjå korleis rapporten blir, og kva svar som blir gitt. Viss vi føler at desse svara ikkje er tilfredsstillande, så har vi høve til å gå til ei høyring. Men høyringar er ikkje noko som er daglegdags i fylkeskommunar. Vi må få tilliten på plass. Den føler vi ikkje er der når det gjeld desse selskapa våre.

– Kvar er det skoftar på tillit?

– Det er stilt sterke spørsmål til om no offentleggjorde e-postar burde vore offentleggjort, og korleis informasjonsflyten har vore. Og korleis informasjonsflyten kan ha ført til ei annleis forvaltning av desse selskapa, enn det burde ha vore.

Vurderer sal

Sogn og Fjordane fylkeskommune, som dei neste åra må redusere utgiftene sine med 230 millionar kroner, vurderer no om dei skal selje seg ut av reiarlaget Fjord1.

Tysdag skriv avisa Firda at fylkeskommunen kunne tent meir enn 800 millionar kroner på eit sal av Fjord1 i 2011. Aktuelle kjøparar var den gong villege til å overta Fjord1 for milliardpris. Dåverande gruppeleiar for Høgre si fylkestingsgruppe, Mathias Råheim, stadfestar til Firda at det var selskap som var svært interesserte.

Måndag sa professor i transportøkonomi, Gisle Solvoll, til NRK at eit sal no vil gi langt lågare pris på grunn av at Fjord1 har tapt mange anbod.