NRK Meny
Normal

Går i filosofens fotspor for å lage film

LUSTER (NRK): Therese Jacobsen og Jørgen Nordby skal dokumentere Ludwig Wittgensteins tilvære i Skjolden på film.

Therese Jacobsen og Jørgen Nordby

SPELAR INN FILM: Wittgensteins fotspor har leia filmskaparane Therese Jacobsen og Jørgen Nordby til Jostedalen.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Sola glitrar i snø og bre når filmskaparane Therese Jacobsen og Jørgen Nordby er i Jostedalen. Her skal dei intervjue Arvid Elvekrok, eigar av gamle Jostedal turiststation, om Ludwig Wittgensteins nyttårsbesøk på turiststationen. Jacobsen fortel at dei lagar dokumentaren ved å følge Wittgensteins fotspor rundt i området.

– Wittgensteins fotspor har ført oss rundt om i heile kommunen. Vi snakkar med nokon og så veit dei kanskje namnet på nokon andre som har noko å fortelje, og slik nøstar vi oss vidare.

Tilfeldig møte

Filosofen Ludwig Wittgenstein frå Austerrike kom til Sogn første gong i 1913. Jacobsen fortel at han ikkje var heilt nøgd med tilværet, men at han fann noko han hadde leita etter inst i Sognefjorden.

– Første gongen han kom, var det etter tips frå ein kjøpmann i Bergen, så det var nok litt tilfeldig. Men det var jo ikkje tilfeldig at han heldt fram med å komme tilbake resten av livet.

Therese Jacobsen og Jørgen Nordby

HØGTEKNOLOGISK FILMING: Jacobsen og Nordby nyttar seg mellom anna av drone når dei følger filosofens fotspor.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Restaurert hytte

I 1914 fekk Wittgenstein bygd ei hytte ved Eidsvatnet i Skjolden, og resten av livet returnerte han ofte til denne hytta. Etter Wittgensteins død vart hytta riven og plassert i sentrum av Skjolden. Jacobsen fortel at hytta vil få ein sentral plass i filmen.

– No skal jo hytta restaurerast og flyttast opp att til Eidsvatnet. Så planen er at vi skal bruke denne restaureringa som ein raud tråd i dokumentaren.

Mannen bak filosofen

Jacobsen forklarer at dei i dokumentaren vil fokusere på Wittgenstein som person og forholdet hans til Luster. Han er ein svært fascinerande person, fortel ho.

– Eg trur lokalbefolkninga har sett på han som sær og merkeleg. Han var svært opptatt av arbeidsro. Ein gong kom det ein mann forbi hytta hans ved Eidsvatnet. Då sprang han ut av hytta, skjelte han ut og sa det ville ta to veker å komme tilbake til den tanken han tenkte då mannen gjekk forbi.

Fleire prosjekt

Nordby og Jacobsen har tidlegare laga film om Luster sanatorium. Og har også andre prosjekt i kommunen samtidig med dokumentaren om Wittgenstein. Jacobsen fortel at det er noko spesielt med Luster.

– Landskapet er jo fantastisk, og det er så mykje spanande kulturhistorie her. Eg har nok blitt litt forelska i området.

Reportasje om Wittgenstein og Skjolden frå 1995