Hopp til innhold

Går glipp av heile vårsesongen

Heilt sidan i fjor sommar har Ruben Holsæter hatt ein skade i hofta, som i lange periodar har halde han ute av trening og kamp. No går det mot operasjon.

Ruben Holsæter (i midten)

UTE MED SKADE: Ruben Holsæter (midten) må førebu seg på eit lengre skadeavbrekk.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg håpar det blir operasjon så fort som mogleg. Eg byrjar å bli ganske lei, seier Holsæter.

Under kampen mot Viking merka Sogndal-spelaren smerter i hofta etter ei takling. Sidan då har han slite med eitt eller anna som ikkje er som det skal.

Ventar å vere ute av spel i tre-fire månadar

Skaden heldt i fjor Holsæter på sidelinja heilt til han fekk med seg nokre kampar heilt på slutten av sesongen. I vinter har han ikkje fått delteke på treningar med laget slik han vil.

– No er eg klar for å bli kvitt problemet. Om operasjon er einaste utveg, så er eg veldig klar for det. seier kantspelaren.

Holsæter skal på ein endeleg sjekk i slutten av månaden, og då tyder alt på at det endar opp med eit inngrep. I så tilfelle vil han vere ute av spel i tre-fire månadar.

Håpar å vere heilt klar til haustsesongen

Skulle det ende med at 23-åringen må under kniven, betyr det samstundes at heile vårsesongen går i vasken.

– Eg håpar at eg skal vere heilt klar når vi kjem til haustsesongen, seier han.

– Korleis er det å måtte operere no når Sogndal er midt i den viktige oppkøyringa?

– Det er så klart litt demotiverande. Eg skulle helst ha gjort dette i fjor, men det skjedde jo ikkje. No må eg berre tenkje positivt og sjå framover til at eg er klar att.