NRK Meny
Normal

Går glipp av gyllen veteranbåtstøtte

Medan veteranbåtlaga har store problem med drift av båtane, kuttar Sogn og Fjordane fylkeskommune ordninga som kunne hjelpt dei med akkurat dette.

"Atløy"

DUGNADSBÅT: Det blir lagt ned 15 000 timar dugnadsarbeid kvart år, for at veteranbåten Atløy skal halde seg flytande. Dei kommande åra blir krevjande, men fylkeskommunen kan ikkje hjelpe.

Foto: privat

Vern av veteranbåtar i Sogn og Fjordane er stort sett basert på frivillig dugnadsinnsats, av hovudsakleg eldre menn som legg ned fleire tusen timar dugnad i året. Ei stor utfordring for dugnadslaga er å samle inn pengar til drift av båtane.

– Til neste år veit vi ikkje om vi kan drive båten på dugnad. Vi veit ikkje kva vi gjer, seier Sander Ødelien, som er ein av dei som jobbar frivillig på veteranbåten Atløy i Florø.

Sander Ødelien

USIKKERT: Sander Ødelien og laget som driv veteranbåten Atløy går ei usikker tid i møte.

Foto: Mattias Rolighet Bergset / NRK

– Beklageleg

Dei siste to åra har Sogn og Fjordane fylkeskommune kutta ei støtteordning som kan gi pengar til drift av veteranbåtar.

– Det er beklageleg at dei har valt å kutte desse tilskota, for det betyr at det blir mindre pengar til verna fartøy i fylket, seier Erik Småland hjå Riksantikvaren.

Støtteordninga har fungert på den måten at Riksantikvaren doblar fylkeskommunane sin støtte. Slik kan dei fordele det dobbelte av det dei sjølv løyver.

Erik Småland

BEKLAGELEG: Erik Småland hjå Riksantikvaren hadde helst sett at Sogn og Fjordane støtta fartøyvernarane i fylket, slik han har sett at Hordaland gjer.

Foto: Privat

– Tilskota har slått godt an i fleire fylkeskommunar. Og det òg skapt ei ganske stor politisk interesse for fartøyvern i desse fylka, seier Småland.

Hordaland støttar båtdrift

Assisterande kultursjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Ingebjørg Erikstad, seier fylkeskommunen har brukt denne ordninga i mange år, men at dei har blitt tvinga til tøffe prioriteringar dei siste åra.

– Konsekvensen blir mindre pengar til fartøyvern. Eg forstår at det er utfordrande for dei, men samtidig har det vore utfordrande for fylkeskommunen å finne postar der vi kan spare, seier ho.

Ingebjørg Erikstad

PRIORITERINGAR: Assisterande fylkeskultursjef Ingebjørg Erikstad må stå for harde prioriteringar innan kultur i fylket.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Medan Sogn og Fjordane har kutta, har Hordaland nytta seg mykje av denne ordninga, mellom anna for å støtte drift av veteranbåtane.

– Dei ser no at det er ei utfordring å drive desse båtane. Fartøyvernet i Norge er basert på frivillig innsats og vern gjennom bruk. Vern gjennom bruk, altså drift av fartøya, kostar mykje pengar for organisasjonane, seier Småland.

Skjebneår for veteranbåtlaga

I 2017 får alle veteranbåtlaga ein stor ekstra kostnad, fordi det kjem nye krav til at mannskapet på slike båtar skal ha profesjonelle sertifikat. Kursing for slike sertifikat kostar nesten 100.000 kroner per person. Utan sertifikat kan dei ikkje frakte passasjerar.

På grunn av desse nye reglane er det mange veteranbåtlag som vil få problem til neste år.

Leiar for kulturkomiteen i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Karen Marie Hjelmeseter, seier støtte til dette vil ikkje komme frå fylkeskommunen med det første.

– Med økonomien vi har er det vanskeleg for oss å ta opp att denne ordninga. Men vi står sjølvsagt fritt til å diskutere saka på nytt, i budsjettsamanheng, seier ho.

Vegopning på Bergum i Førde kommune