NRK Meny
Normal

Går frå vest til aust med ku i band

Kunstnar går tur med ku for å heidre «dei norske cowboyane».

Ku på tur over fjellet

FJELLTUR: Her er kua, kalven, Steinar Laumann (t.v.) og Adam Gunnarson på fjellet Handspiki.

Foto: Arve Tvedt

– I våre dagar skal alt digitaliserast. Vi må ikkje miste kroppen oppe i alt dette, det er kroppen som sansar og opplever, seier Steinar Laumann.

Kunstnaren og breføraren har lagt ut på ei spesiell reise i sommar. Med ei ku, ein kalv og ein kamerat som reisefølgje, har han vore på tur i fjorten dagar. Resten av sommaren skal han bruke på å komme seg til Oslo.

Prosjektet heiter Går en tur med kua, og han vil følgje den gamle ferdselsåra som folk brukte til fedrift mellom Vest- og Austlandet heilt fram til 1924.

Kua har mikrofon på seg, og på heimesida til prosjektet kan ein lytte til det som skjer på turen. Laumann har invitert folk til å gå eit stykke med dei, for å snakke om eit tema som engasjerer dei. Samtalane blir sendt på heimesida til prosjektet.

Steinar Lauvmann med ku i band

TURKAMERAT: Laumann likar å gå i ku-tempo.

Foto: Olav Grov

Historiefascinasjon vart kunstprosjekt

– Kroppen vår tar inn informasjon. Eg ville oppleve det som dei gamle driftekarane gjorde. Dei var jo faktisk norske cowboyar.

Frå Stryn tok dei seg over Jostedalsbreen og til Oslo. Laumann, som har jobba som fjell- og breførar i Jostedalen i ti år, hadde planlagt den same ruta, men måtte improvisere litt i starten.

– Opphavleg skulle vi gå frå Stryn, men vart forsinka. Då begynte snøen over bresprekkane å smelte, og eg syntest det var for vågeleg å ta med kua.

I staden starta dei i Skjåk, og gjekk over fjellet Handspiki til Jostedalen.

Jostedalsbreen i 3D

JOSTEDALSBREEN: Denne etappen av ruta vart for risikabel for kuføtene.

Foto: Kartverket

Samlar energi i Jostedalen

Etter turen over fjellet er både kua og Laumann slitne, og no har dei pause i Jostedalen. Det er viktig for kunstnaren å bevege seg i kua sitt tempo.

– Eg er glad i kyr, og eg er glad i å gå sakte. Kyr går sakte, og dei er gode samtalepartnarar.

Korleis er det for kalven å gå så langt?

– Kalven ser ut som han har det fint. Han spring og sprett rundt omkring, og går nok dobbelt så langt som oss andre.

Ku og kalv

TAR SEG EIN KVIL: Kua og kalven som er på tur til Oslo.

Foto: Olav Grov

Vil heidre «den norske cowboyen»

Laumann beundrar dei gamle driftskarane. Desse mennene tok seg over is og fjell, og gjekk i vekevis for å selje kyrne i hovudstaden.

– I motsetnad til dei amerikanske cowboyane, hadde dei det skikkeleg tøft. Det var jo heilt flatt for dei amerikanske. Ingen isbrear dei skulle over, ingen tronge elvepassasjar. Kunstprosjektet mitt er også ein klapp på skuldra til dei norske gutane.

I neste veke fortset kua, kalven og Lauman til Marifjøra, kor dei håpar å få skyss med båt over til Lærdal.

– Det skal vi klare på fjorten dagar. Vi går berre to kilometer om dagen i ku-tempo.