Hopp til innhold

Desse er klare til å sette ny verdsrekord

Dei skal gjere noko ingen har greidd før dei. Måndag ettermiddag startar volleyballkampen som etter planen skal vare i fire dagar.

Klare til maratondyst

ALVORLEGE INTENSJONAR: Denne gjengen frå Sunnfjord Folkehøgskule er klare til å setje ny volleyballmaratonrekord. I morgon startar kampen som etter planen skal vare i fire dagar.

Foto: Lars Håberg

Generalprøva er unnagjort, elevane ved Sunnfjord Folkehøgskule er så klare som dei kan få blitt.

– Alle er veldig gira, seier lærar Magne Hornnes, dagen før dagen.

Må halde ut i 85 timar

Rekorden er på 85 timar. Forsøket på å slå den startar måndag ettermiddag klokka 18:00. Etter reglane må kvar spelar vere på bana tolv timar i døgnet. Det er lagt opp til ein turnus på fire timar av og fire timar på.

På generalprøva natt til onsdag denne veka, fekk elevane ein liten smakebit på kva som er i vente.

– Det vi merka var at enkelte hoppa litt for høgt, slo litt for hardt og var utslitne etter tolv timar. Då hadde vi berre gjennomført ein åttandedel. Å spele tolv av døgnets tjuefire timar er ei alvorleg sak, seier Hornnes.

Alvoret har senka seg

Den siste tida inn mot kampen blir brukt til å legge på plass dei siste brikkene i organiseringa rundt kampen.

Eit stort apparat skal setjast i sving rundt spelarane for at sjansane for suksess skal vere best moglege.

– No prøver vi å finne ut kven vi trur kan spele i fire døgn. Resten vil få andre oppgåver. Logistikken rundt kampen er temmeleg omfattande. Når vi skal gjere noko så vilt, så må vi òg ha tenkt igjennom korleis vi skal få dette her til, seier Hornnes.

Presset på elevane er stort. Det står om ein plass i rekordbøkene.

– Eg trur alvoret byrjar å synke inn no, seier Hornnes.

Elevane ved Sunnfjord folkehøgskule vil prøve å setje verdsrekord. Lengste volleyballkamp nokon gong skal etter planen gå frå måndag 22. sept til fredag 26. sept.

FØLG KAMPEN LIVE: NRK.no vil sende live frå kampen, dag og natt. Følg med frå klokka 18:00 i morgon.