Normal

Vil uansett ha fusjon med Norled

Toppsjefen i Fjord1 vil i morgon rå styret til å gå vidare i arbeidet med å fusjonere Fjord1 med Norled, trass i at fylkeskommunen har vendt tommelen ned for intensjonsavtalen.

Dagfinn Neteland

KØYRER PÅ: Dagfinn Neteland vil ha fusjon med Norled.

Foto: Hilde Anita Røyrvik / Fjord1

Konsernsjef Dagfinn Neteland i Fjord1 er klokkeklar på at han meiner det er rett å gå vidare med å legge til rette for å fusjonere dei to selskapa.

– Definitivt vil eg det, og eg er optimistisk på at styret vil lytte til meg.

Kan terge på seg fylkesutvalet igjen

Framtida til Fjord1 har for lengst utvikla seg til politisk kaos og drama.

Rett før påske la styret i Fjord1 uventa fram ein intensjonsavtale om å fusjonere med ferjeselskapet Norled til eit stort vestlandsk ferjeselskap. Prosessen kolliderte med fylkeskommunen sitt eige løp der det blir vurdert å selje selskapet. I fylkesutvalet vende dermed politikarane tommelen ned for intensjonsavtalen, og oppmoda styret om å legge den vekk.

Men i morgon vil likevel Neteland rå styret til å gå vidare med fusjonsplanane med Norled.

– Å greie ut fusjon med Norled er ei smart og riktig strategisk retning for selskapet. Dette har vore tenkt i 15 til 20 år. Det er dermed ikkje sagt det blir fusjon, men vi vil greie ut det. Så får eigarane ta avgjerda når den tid kjem.

– Tillitskrise som ikkje er til å leve med

I Firda i dag kalla Neteland situasjonen mellom den største eigaren Fylkeskommunen og Fjord 1 si leiing og styre for ei tillitskrise, og sa at den ikkje er til å leve med.

Neteland meiner det finst berre eit utfall om den ikkje blir retta opp, at folk trekkjer seg eller blir kasta. Når Neteland no i tillegg vil gå vidare med fusjonsplanane kan morgondagen med både styremøte i Fjord 1 og møte i Fylkesutvalet om kvelden bli svært spennande.

Åshild Kjelsnes

BALANSEGANG: Fjord1 leiinga kan terge på seg Fylkesutvalet. Kjelsnes og Ap var i mindretal og einaste som røysta for å gå vidare med intensjonsavtalen med Norled.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) seier til NRK at styret ikkje nødvendigvis trassar eigaren sin om ein går vidare med fusjonsplanane. Fylkesutvalet har nemleg også vedteke at ein fusjon kan jobbast med innanfor ein breiare prosess, om ein fyrst legg vekk intensjonsavtalen med Norled.

– Utfordringa er å etablere ei god form for samarbeid, som sikrar ein god prosess vidare.

Er det mogleg å gå vidare med fusjon no utan å overkøyre eigaren sin?

– Vi har møte i fylkesutvalet i morgon kveld, då vil eg løfte inn moglegheita for møte mellom eigar og styre for å få til ein god dialog, som no er heilt nødvendig. Eg håpar styret ikkje gjer for bastante vedtak no.

Fylkesutvalet

FYLKESUTVALET: Fylkesutvalet vende tommelen ned for fusjon, men opna for å gå vidare i ein breiare prosess. Spørsmålet er om den blir brei nok.

Foto: Elgrim Fossheim / NRK

– Rett å kalle det for tillitskrise

Neteland meiner det er rett av han å bruke ordet tillitskrise, men meiner òg at situasjonen kan løysast.

– Det er ein vanskeleg situasjon og tillitskrise. Det er viktig å sette ord på det. Men det er råd å rette opp på det. Eg er framleis på den foten at her er det dialog som trengst, vi har nok begge partar ikkje kommunisert på ein god måte. Det er rett å seie at det i dag er ein veldig vanskeleg situasjon.

Neteland meiner det ikkje treng å vere eit problem å gå vidare med fusjonsplanane, samstundes som fylkeskommunen køyrer sin prosess, og at dette ikkje vil vere i strid med Fylkesutvalet sitt vedtak.

– Eg må seie at med god kommunikasjon og dialog er dette to prosessar som kan køyrast parallelt. Eg trur at her er det moglegheiter for å slå hovuda saman og tenke i lag. Eg er 59 prosent eigd av fylkeskommunen, og såleis halvvegs tilsett i fylkeskommunen eg og. Her må det vere moglegheiter, eg ser berre moglegheiter og dette skal vi få til. Eg er der.

Vegopning på Bergum i Førde kommune