NRK Meny
Normal

Sjukehusplanen er vedteken

Styret i Helse Førde vedtok fredag ny strategiplan. Føde- og ortopeditilbodet i Lærdal og Nordfjord skal leggjast ned innan utgangen av 2012.

Jon Bolstad og Clara Øberg

Adm. dir. Jon Bolstad ville vente litt med avviklinga av tenestilbodet ved lokalsjukehusa, men Clara Øberg sette hardt mot hardt og ynskte full omlegging innan utgongen av 2012.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Styret har dermed, etter framlegg frå styreleiar Clara Øberg, gått lenger enn det opphavelege forslaget frå administrasjonen i Helse Førde.

Administrerande direktør Jon Bolstad la i sitt forslag opp til at omstillinga skulle føregå over ein lengre tidsperiode fram mot 2020. Han ønskte å leggje ned den forsterka fødestova i Lærdal snarast råd, og avvikle ortopeditilbodet i Nordfjord, som mellom anna er spesialisert på skulderoperasjonar. Bolstad ville derimot drive vidare, i ein overgangsfase, fødetilbodet i Nordfjord og ortopedien i Lærdal.

SJÅ NETT-TV:

Av omsyn til både tilsette og kvaliteten på helsetilbodet, i tillegg til uvisse rundt kostnaden med ei berre delvis omstilling, fremja Clara Øberg forslag om at ein går for full omstilling alt innan utgangen av 2012. Helse Førde har krav på seg frå eigarane at ein skal ha spart 150 millionar kroner innan same år.

Dette var også det opprinnelege framlegget frå administrasjonen, den såkakalla modell 1, men som administrasjonen seinare meinte ikkje kunne gjennomførast på så kort tid.

Styret var samrøstes på dei fleste av dei 11 punkta i strategiplanen, men tilsetterepresentantane Randi E. Fagereng og Kjell Nygård stemte i mot nokre av punkta. Dei ønskte mellom anna å oppretthalde ortopedien i Nordfjord.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser