Hopp til innhold

Meiner dei skal få to på tinget

LOEN (NRK) Senterpartiet trur det er mogleg å få både Liv Signe Navarsete og Steinar Ness inn på Stortinget etter valet til hausten.

Steinar Ness og Liv Signe Navarsete

BEGGE TO: – Distriktspolitikk blir eit hovudtema under valkampen, spår Liv Signe Navarsete, her med Steinar Ness under utspørjinga.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Å vinne valet er å få to representantar frå Sogn og Fjordane inn på tinget, gjerne i eit brakval som på landsbasis gjev oss 19–21 representantar totalt.

Det sa Liv Signe Navarsete då ho under avslutninga av fylkesårsmøtet til Senterpartiet laurdag vart spurt om kva det ville seie «å vinne valet» til hausten.

Då hadde eit fylkeslag i medvind og proppfullt av sjølvtillit jubla i to dagar over svært gode meiningsmålingar og utsikter til snarleg regjeringsmakt. Fylkesårsmøte vart også det største i partiet si historie.

To Sp-representantar frå Sogn og Fjordane på Stortinget har kun skjedd ved vala i 1973 og 1993, da EF- og seinare EU-medemskap var tema. Arbeidarpartiet har også klart det. Begge under tida då fylket hadde fem seter på tinget, mot dagens fire.

Kanskje KrF

Andrekandidat Steinar Ness sa ei fleirtalsregjering er målet, men ville ikkje låse seg til Arbeidarpartiet.

– Høgre er hovudmotstandar, Ap er hovudsamarbeidspartnar. Så er både KrF og SV interessante for oss. Men dei har ikkje avklart seg i mellom enno, sa Ness.

Liv Signe Navarsete ville ikkje avvise ein mindretalsregjering mellom Sp og Ap. Men etter åtte år i regjering med Ap kjenner ho partiet som tøft.

– Ap vil ha makt. Eg trur det er bra med ein fleirtalsregjering og at fleire er med på å balansere makta. For Senterpartiet sin del skal vi gjere det vi kan for å bli størst mogleg, slik at vi kan stå sterkare bak viktige saker for Sp.

Steinar Ness, Liv Signe Navarsete, Eldgrim Fossheim

UTSPØRJING: Fylkesårsmøte vart avslutta med ein samtale mellom listetoppane og Eldgrim Fossheim.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Distriktspolitikk

Det var under avslutninga av fylkesårsmøtet at dei to toppkandidatane til stortingsvalet vart spurde av tidlegare NRK-journalist Eldgrim Fossheim under ein seanse på scena. Tema var korleis Sp skulle vinne valet.

Han meinte dagens meiningsmålingar politisk var på grensa til eit jordskjelv dersom dei slo til under valet, og lurte på korleis Sp skulle halde på framgangen til september.

– Vi skal snakke distriktspolitikk, som for første gong i mine 30 år i politikken, blir eit viktig tema under ein valkamp. Vi skal snakke forsvarspolitikk, stå på for landbrukspolitikken vår, og i kommunesektoren har vi vore tydelege heile vegen.

– Det handlar om å snakke med folk på ein måte som folk skjønnar. Folk har opplevd Høgre og Frp i regjering og føler uvisse. Og då møter dei oss, eit parti som har truverd i distriktspolitikken, sa Navarsete.

Blir kalla nei-parti

– Korleis skal de kjempe mot skuldingane om at Sp er bakstreversk og seier nei til alt?

Kaker Senterpartiet

OPTIMISME: Gode meiningsmålingar viste att på pausekakene.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Politiske motstandarar vil uansett seie det. Men desse strukturane som Regjeringa no endrar, er viktige element i våre liv. Det er omkring desse strukturane at vi bygger fellesskapen i samfunnet vårt, sa Steinar Ness.

– Folk er ikkje dumme, dei ser at det som skjer no er sentralisering, sa Navarsete.

– Eg trur folk ser kva som har skjedd. Ingen har sagt at Norge skulle sentraliserast. Ingen har gått til val på det og vunne. Då ser folk på Sp som eit truverdig alternativ, meinte Ness.

Navarsete meiner det er positivt at gode meiningsmålingar kan gjere Sp til hovudmotstandar for andre parti i valkampen.

– Ser dei deg som hovudmotstandar, så gjev det deg også merksemd. Eg ser på det som ein moglegheit. Eg er trygg på at saker me går for, finn semje i halve befolkninga.

Fylkesårsmøte Senterpartiet 2017

MANGE: Fylkesårsmøte denne helga vart det største nokon gong i Senterpartiet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK