Hopp til innhold

Går det an å kjøpe julebordsantrekket frå ein bruktbutikk?

FØRDE (NRK): Julebordsesongen er rett rundt hjørnet, og mange vel å kjøpe nye antrekk før festen. Me har testa om ein kan finne antrekket på ein bruktbutikk.

Arianrhod Engebø og Erlend Blaalid Oldeide prøver på seg brukte klede på bruktbutikken

PRØVEKANINAR: NRK-tilsette, Arianrhod Engebø og Erlend Blaalid Oldeide, tok på seg rolla som mannekengar for anledninga.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er heilt mogleg å finne julebordsantrekket på ein bruktbutikk, meiner Hanne Schnitler.

Ho driv bruktbutikken Om Att i Førde sentrum og meiner bruktbutikkar har varer for ein kvar smak.

Ein rapport frå Statens institutt for forbruksforsking viser at nordmenn i snitt har 350 plagg i klesskapet.

Då kan ein tenke seg at det burde vere mogleg å kjøpe det nye julebordsantrekket brukt, for å spare miljøet for utsleppa som kjem med kledeforbruk.

Hanne Schnitler på bruktbutikken Om att

BUTIKKEIGAR: Hanne Schnitler har trua på brukte julebordantrekk.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

90-talet møter western

To av NRK Sogn og Fjordane sine eigne tok på seg rolla som mannekengar i høve prøvinga av klede.

Dei var noko skeptiske til om dei kom til å finne klede som passar og som dei ville føle seg ordentleg fine i.

– Eg er ein temmeleg røynleg og høgreist kar, eg fryktar at eg ikkje vil finne noko som er stort nok her. Og viss eg finn storleiken min, er nok kleda spenstige både i form og farge, seier programleiar Erlend Blaalid Oldeide.

Arianrhod Engebø og Erlend Blaalid Oldeide i bruktbutikken Om Att i Førde

KLARE FOR JULEBORD?: NRK-tilsette, Arianrhod Engebø og Erlend Blaalid Oldeide i matchande antrekk.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Nynorskpraktikant Arianrhod Engebø er litt meir positiv.

– Eg har handla skjorter og større genserar frå bruktbutikkar før, men aldri finklede. Det blir spennande å sjå om eg kan finne noko som eg kan føle meg ordentleg fin i.

Erlend Blaalid Oldeide på bruktbutikken Om Att i Førde

FESTFIN: NRK Sogn og Fjordane-programleiar, Erlend Blaalid Oldeide, prøvar ein ny «look».

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Butikkeigar Schnitler kjem inn med hendene fulle av klede.

– No blir de fine til julebordet, seier ho og viser fram ei cowboy-liknande skjorte og ein dobbeltspent dressjakke.

– Noko for ein kvar smak

Schnitler meiner det går an å finne antrekk som er så godt som nye, sjølv om dei er brukt.

– Det er mange som kjøper seg finklede til spesielle høve, men så blir plagga berre brukte for den anledninga og etterpå blir dei hengande i skapet. Så det er mange klede som kjem inn her som ikkje er brukt meir enn den eine gongen, forklarar Schnitler.

Arianrhod Engebø i kjole på bruktbutikken Om Att i Førde

GLITTER: Nynorskpraktikant, Arianrhod Engebø, prøvde prinsessekjole.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Etter å ha prøvd fleire antrekk med plagg frå forskjellige tidsepokar og trendar, er dommen som følger:

– Det passar i alle fall! Eg er positivt overraska. Det hadde blitt ein stilig julebordsdress, trur eg, seier Oldeide etter å ha prøvd på seg antrekket plukka ut av Schnitler.

– Eg likte antrekket, men trur eg måtte ha hatt litt tid på å venne meg til denne skjorta, seier Engebø om westernskjorta.