NRK Meny
Normal

Trilla inn på kontrollplassen med 11 tonn dårleg sikra stålplater

– Ein kan bremse laus ei slik last. Ved ein naudbrems kan det gå riktig ille.

Førar blir meld for dårleg sikring

FOR DÅRLEG: Med 11 tonn dårleg sikra stålplater køyrde vogntoget rundt på norske vegar. I Lærdal vart det stogg.

Foto: Statens vegvesen

Slik skildrar overingeniør Jan Ove Bjørgum lasta som onsdag vart kontrollert ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal.

Midt på lasteplanet stod 11 tonn stålplater sikra med tre overfallstropper. Ikkje nok for å hindre lasta i å flytte på seg.

– Vi har sett resultatet av slikt før. Går slike plater løpsk under hard oppbremsing, så kuttar dei gjennom alt som står i vegen, seier Bjørgum.

4–5 millimeter tjukke

Det utanlandske vogntoget vart stogga under ein kontroll i ettermiddag. Gebyret på 2.450 kroner for overlast var det minste problemet.

Føraren, som var på veg vestover, vart meld for dårleg sikring av lasta.

– Det er krav til minst 80 prosent sikring framover, men her var det godt under 50 prosent, seier Bjørgum og grøssar med tanken på kva som kunne skjedd om lasta, som var på 40 stålplater i 4–5 millimeter tjukne, hadde tatt laust.

– Blir som knivar

For nokre år tilbake mista eit vogntog liknande last. Til alt hell forsvann platene ut av vegen og i skogen. Platene kappa det som stod i vegen.

Går ein endå lenger tilbake i tid omkom sju personar då huntonittplater trefte ein buss ved Ljøsne.

– Stålplatene vil gjere minst like stor skade om dei kjem i rørsle. Det blir som knivar. Slik vil vi ikkje ha langs vegane våre, seier Bjørgum.

Seks tonn for mykje

I same kontrollen fekk eit utanlandsk selskap 46.150 kroner i gebyr for overlast. Årsak? Han hadde for mykje last til å ikkje ha alle akslingane i vegbana.

Les også:

Drivakselen vart vegen til 17,8 tonn. Den kan maks vere 11,5 tonn.

– Men med eitt trykk på ein knapp, så var vogntoget lovleg att. Det vart ei dyr opplæring, seier Bjørgum og fortel om ein fortvila transportsjef. Gebyret må betalast før vogntoget får køyre vidare. Det er førebels ikkje gjort.

70.000 i gebyr

– 50.000 kroner er mykje pengar for eit utanlandsk selskap, men her har ikkje opplæringa vore god nok, seier Bjørgum og meiner vogntoget var nesten like farleg som det med dårleg sikra last.

– Har du 17–18 tonn på drivakslingen, og fire på fråmaksel, så har du ikkje mykje styring på glatt veg, seier han.

Statens vegvesen skreiv ut gebyr for nær 70.000 kroner under kontrollen. I tillegg til 50.000 kroner i gebyr for overlast, fekk to førarar gebyr på 8.000 kroner kvar for manglande bombrikke.

Vart hanka inn

Ein lastebil vart avskilta for manglande periodisk kontroll, medan eit anna fekk tekniske manglar på både frontrute og bremser.

I Nordfjord måtte politiet ut for å hanke inn eit vogntog som ikkje stogga for kontroll ved Lefdal i Eid.

Elles melder kontrollør Svein Arne Henjasand at det var mykje gode køyretøy og flinke sjåførar.