Hopp til innhold

Går brannvakter gjennom natta

I alt 14 personar vil i natt vakte over brannområdet i Njøsadalen i Leikanger. – Det var full fyr i skogsbotnen og i trea. Det har gått med ein del kvadratmeter, seier Olav Helge Ylvisåker hos Sogn brann og redning.

Skogbrannen i Leikanger.

HERJA: Brannmannskap fekk ein krevjande jobb med å få kontroll på flammane måndag ettermiddag. Biletete er teke frå helikopter, tre kvarter før det fekk bøtte og kunne starte sløkkearbeidet.

Foto: Vidar Trettenes / Sogn brann og redning

Etter ein over fem timar lang kamp mot flammane, var skogsbrannen i Leikanger endeleg under kontroll.

Framleis er det fare for at den kan blusse opp att.

Skogbrannen i Leikanger.

TIDLEG: Dette biletet vart teke kring klokka 1430, i ein fase der brannen tok seg kraftig opp.

Foto: Vidar Trettenes / Sogn brann og redning

– No skal vi ha eit oppsummeringsmøte, men det ligg an til at 12 personar frå Sivilforsvaret og to brannfolk frå Leikanger brannvesen går vakt gjennom natta, seier Olav Helge Ylvisåker hos Sogn brann og redning.

Utstyret ligg klart

Det var i 13-tida måndag at brannen vart meldt. Først klokka 1820 meldte brannbefalet tilbake til alarmsentralen at dei hadde kontroll på flammane, og at dei tok til på ettersløkkingsarbeidet.

(Artikkelen held fram under videoen)

Store styrkar kjempar for å få kontroll på skogbrannen ved Hermansverk i Leikanger.

SJÅ VIDEO: Brannmannskap og Sivilforsvaret kjempa i fem timar mot flammane i Leikanger.

I tilfelle at brannen startar opp att, ligg det framleis brannslangar ute. Også brannbøttene til helikoptera som medverka ligg klare til bruk.

– Det var fyll fyr i skogsbotn og trea, så det var ein ganske omfattande open eld i skogen. Sløkkingsarbeidet hadde ikkje vore så lett utan helikoptera, seier Ylvisåker.

– Helikoptera var avgjerande i sløkkingsarbeidet?

– Det var heilt avgjerande at vi fekk sett så mykje ressursar inn tidleg. Vi hadde store problem med å få fram vatnet. Terrenget er bratt med mykje stor og mindre stein, samt bergnabbar og tett vegetasjon. Arbeidet var veldig krevjande.

Ukjent årsak

Skogbrannen i Leikanger

KONTROLL: Helikopteret vart sett inn i sløkkinga kring 45 minuttar etter at bileta var tekne. Då fekk dei også kontroll på brannen.

Foto: Vidar Trettenes / Sogn brann- og redning

Alt tilgjengeleg mannskap frå Sogndal og Leikanger brannvesen, samt 20 tals menn og kvinner frå Sivilforsvaret, kjempa ein hard kamp mot flammane. Det er førebels uvisst kva som starta brannen.

Brannen vart oppdaga i nærleiken av ei kraftline.

– Det er litt for tidleg å seie noko om, men vi kjenner til at det har vore drift og arbeid i samband med nye linjer frå Fardal til Ørskog, seier politibetjent Stein Helge Selland.

Stadfestar arbeid

Irene Meldal er kommunikasjonssjef i region vest hos Statnett. Ho stadfestar at det har vore arbeidd i nærleiken av der det brann, men legg til at dei ikkje har fått noko informasjon som tyder på at det er samanheng mellom desse.

– Vi har jobba med eit mastefundament på den nye lina frå Ørskog til Fardal, men vi veit ikkje anna enn at det har brunne i nærleiken av ein av våre leidningar, seier Meldal.

Skogbrannen er ute av kontroll ved Hermannsverk i Leikanger.

SJÅ VIDEO: Helikopter vart sett inn i sløkkingsarbeidet.