NRK Meny
Normal

Går brannvakter etter asylbrannen i Lindås

Norsk Mottaksdrift har skjerpa tryggleiken etter brannen ved asylmottaket i Lindås. I Hyllestad vil ein nattevakt patruljere mellom dei to nye mottaka som er under etablering.

Tidlegare Øn skule - asylmottak i Hyllestad

OPPSLAG: Handverkarar held på bygge om gamle Øn skule i Hyllestad til asylmottak. Ein plakat på ytterdøra varslar måndag om ekstra vakthald.

Foto: Atle Inderøy

– Vi har sett i verk ekstra vakthald på mottaka som er under oppføring, og i eksisterande mottak, stadfester regionleiar Oddvar Aardal i Norsk Mottaksdrift.

Jaktar brannstiftar

Natt til søndag brann store deler av Hotel Lune Huler i Lindås ned til grunnen. Det skjedde eit drygt døgn etter at Norsk Mottaksdrift fredag fekk kontrakt på å starte mottak for mindreårige asylsøkjarar i bygget.

Politiet i Nordhordland har slått fast at brannen var påsett, og jaktar brannstiftaren.

Brann hotell lune huler i Lindås

LINDÅS NATT TIL SØNDAG: Hotel Lune Huler i full fyr, berre timar etter at det vart kjent at hotellet blir asylmottak.

Foto: Oddbjørn Rosnes / NRK

Patruljerer mellom mottaka

No har selskapet Norsk Mottaksdrift skjerpa tryggleiken ved fire andre mottak der drifta enno ikkje komen i gang.

To av mottaka ligg i Hyllestad, der dei nedlagde skulebygga i Leirvik og på Øn skal gjerast om til mottaksplassar for til saman 80 mindreårige asylsøkjarar. Allereie natta etter brannen i Lindås var ein eigen nattevakt på plass.

– Vi har varsla politiet i Sogn og Fjordane om dette. Vi har personar på staden gjennom

Brann asylmottak Lindås

UTBREND: Slik såg det ut på brannstaden søndag, på det som skulle bli nytt asylmottak for mindreårige i Lindås.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

natta, og vi har litt patruljering mellom til dømes dei to mottaka i Hyllestad. Vi har godt oppsyn med mottaka både dag og natt, seier Aardal som er sjokkert over at einkvan har sett fyr på mottaket i Lindås.

– Vi synest det er forferdeleg trist. Rett og slett. Det skulle vere unødvendig i 2015 å oppleve slikt.

Først over nyttår kjem det flyktningar på plass i Hyllestad. Fram til då held vakthaldet fram gjennom advent og jule- og nyttårshelga.

– Vi vil ha auka vakthald heile vegen utover. Vi vil gjere det vi kan for at det skal vere sikkert.

Tidl. Leirvik skule i Hyllestad

BLIR MOTTAK: Også tidlegare Leirvik skule i Hyllestad blir på nyåret mottak for mindreårige asylsøkjarar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Aukar vakthaldet på eksisterande mottak

Norsk Mottaksdrift driv frå før mottak i det tidlegare heimevernsbygget på Skei i Jølster, i tillegg til såkalla desentraliserte mottak i Høyanger og Stryn. Dei to sistnemnde med bebuarar i ulike bustader rundt om i kommunane.

Skei mottak - tidlegare HV10

GÅR EKSTRARUNDAR: Ved Norsk Mottaksdrift sitt anlegg på Skei er det tilsette på jobb natta gjennom. Dei skal no gå hyppigare vaktrundar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– På Skei har vi både sovande og vaken nattevakt. Desse går ekstrarundar. I Stryn og Høyanger er det meir desentralisert, så det vil vere ulike måtar å ha vakthald på. Men det blir å vere ekstra merksam, opplyser Aardal.

Norsk Mottaksdrift har inngått kontrakt med UDI om drift av til saman 15 mottak. Frå før driv det Lillehammer-baserte selskapet 10 mottak: Dovre, Vestre Toten, Stor Elvdal, Ringebu, Høyanger, Lunner, Skei i Jølster, Hitra, Rendalen, og Stryn.

Vegopning på Bergum i Førde kommune