Hopp til innhold

Går av med 180 millionar i pluss

Resultatet i Fjord1 for tredje kvartal i 2015 viser eit overskot på 180 millionar kroner. Dette er ei betring i resultat frå drift på 59 millionar kroner.

Dagfinn Neteland

SLUTTAR VED ÅRSSKIFTE: Dagfinn Neteland er administrerande direktør i Fjord1 fram til årsskifte.

Foto: Hilde Anita Røyrvik / Fjord1

– Vi har hatt styremøte i dag der vi har gått gjennom tredje kvart. Vi passerer 180 millionar kroner og det er vi svært godt nøgde med.

I ei pressmelding måndag ettermiddag forklarer Neteland det gode resultatet med at blir arbeidd godt i organisasjonen for å sikre god lønsemd i det Fjord1 gjer, og at dei har ein sterk posisjon som det leiande selskapet i marknaden.

Trafikkregulariteten har vore god, og det har vore ei positiv utvikling på dei fleste sambanda som Fjord1 trafikkerer i tredje kvartal 2015.

Trekte seg i protest

Det vekte stor merksemd då Neteland saman med styreleiar Reidar Sandal og fleire styremedlemer trekte seg i protest mot salet av fylkeskommunen sin aksjepost i selskapet til Torghatten.

– Eg har vore med på ein flott periode i selskapet, og det er letta å gå frå borde med ei slikt resultat, enn om det hadde vore eit minusresultat, seier Neteland.

Trur på framtida for Fjord1

– Konsernet styrar med stødig kurs mot eit mål på vel 200 mill. kr i resultat før skatt i 2015, og det er gode utsikter for Fjord1 dei komande åra, seier Neteland.

Korleis ser det ut framover?

– Vi har sagt klart og tydleg at dette selskapet kjem til å gjere det godt dei næraste åra uavhengig av Torghatten. Vi veit kva kontraktar vi har, og dei næraste tre–fire åra kjem resultatet berre til å vekse, seier Neteland.