Hopp til innhold

Går av etter Terra-skandalen

Bremanger-rådmann Tor Kristian Gulhaugen går av etter Terra-skandalen.

Tor Kristian Gulhaugen

Tor Kristian Gulhaugen går av som rådmann i Bremanger.

Foto: NRK

Etter eige ynskje har rådmannen i Bremanger søkt om å få slutte i stillinga frå mai 2008 med ordinær alderspensjon.

LES OGSÅ: Ordføraren skuldar på rådmannen

Lyser ut stillinga

- Søknaden er imøtekommen av arbeidsgjevar, og rådmannstillinga vert lyst ut snarast, seier Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Nådelaus kritikk mot Bremanger

Rådmannen vedgår at Terra-saka har medverka til at han no går av som rådmann etter 33 år i kommunen.

LES OGSÅ: Angrar på Terra-avtale

- Det har vore ei påkjenning å stå oppi det som har vore kring Terra-saka. Det har slett ikkje vore enkelt. Eg har vore med i noko som kan få store konsekvensar for kommunen og innbyggjarane i kommunen. Eg har hatt både tunge og vanskelege i periodar, seier rådmannen til NRK Sogn og Fjordane.

Skvisa av Frp

Gulhaugen vil ikkje seie at han vart pressa ut av stillinga som rådmann, men at krefter ville ha han fjerna.

- Eg kan ikkje seie at eg har blitt pressa ut, men innanfor enkelte grupperingar var det krefter som ville ha meg fjerna, seier han.

- Kven tenkjer du på?

- Det var ein avisartikkel i Fjordenes Tidende for ei tid tilbake der eg oppfatta at dei ville ha meg fjerna. Det var Frp som uttala seg der, seier han.

To på ei veke

Bremanger kommune har tapt kring 90 millionar kroner etter at dei investerte i risikofylte amerikanske obligasjonar gjennom meklarhuset Terra.

Tidlegare denne veka gjekk Hildegunn Staurset av som rådmann i Haugesund som følgje av Terra-skandalen.