Hopp til innhold

Går av som direktør i Fjord1 dagen etter styremøte

Dagen etter at det nye styret var samla må administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland gå av. Sjølv sa Neteland då han trekte seg at han ville vere sjef ut året.

Dagfinn Neteland og Reidar Sandal

BEGGE UTE: Her er Dagfinn Neteland og Reidar Sandal etter eit møte med fylkespolitikarane. Frå i morgon tidleg er begge ute av Fjord1.

Foto: Grete Roska / NRK

– Eg kan stadfeste at Neteland går av, seier nyvald styreleiar i selskapet, Pål Lorentzen, til NRK.

Salet av Fjord1 har vore svært omstridd, og det har ikkje vore nokon hemmelegheit at Dagfinn Neteland og tidlegare styreleiar Reidar Sandal var svært kritiske til prosessen. Sandal er allereie erstatta, medan Neteland etter planen skulle sitje ut året.

– Vi har ikkje avsett han

Den nyvalde styreleiaren og resten av styret sat måndag i styremøte, og der vart det altså avgjort at Neteland er ferdig som administrerande direktør tysdag morgon.

Lorentzen avviser at dei har avsett Neteland før han sjølve hadde planar om å trekke seg 1. januar.

– Nei, det har vi ikkje. Han ønskjer sjølv å gå. Han får sterk anerkjenning for arbeidet han har gjort. Men han flagga sin avgang då vedtaket om salet kom, og vi fann det praktisk å avklare dette på siste styremøte i år.

Vil ikkje kommentere i kveld

Etter det NRK kjenner til vil dei tilsette bli informerte om avgangen tysdag morgon.

– Eg har ikkje lyst å kommentere saka i kveld, men eg skal kommentere når eg har informert dei tilsette, seier Dagfinn Neteland til NRK, same dag som han kunne fortelje om eit overskot for Fjord1 på 180 millionar i tredje kvartal.

Lorentzen stadfestar at HR-direktør i Fjord1, André Høyset, tek over som administrerande direktør til ein ny er på plass.

– Jobben med å tilsetje ein ny person startar umiddelbart på nyåret, seier styreleiaren.