Hopp til innhold

Her vil dei setje spaden i jorda til sommaren

Nesten seks år etter at orkanen Dagmar raserte Tungestølen i Luster, går det no fortare framover for arbeidet med ei ny hytte. Går ting etter planen kan du overnatte i ei splitter ny stølshytte i løpet av neste år.

Slik vil dei at nye Tungestølen skal sjå ut

KAN STÅ KLARE NÅR DNT FEIRAR 150 ÅR: Det er iallfall håpet i Luster Turlag som no jobbar vidare med finansieringa. Eit av dei neste stega er å søke om spelemidlar.

Foto: SNØHETTA

– Vi har absolutt mål om å setje spaden i jorda neste sommar, seier leiar Ole Schanke Eikum i Luster Turlag.

Den 101 år gamle Tungestølen turisthytte i fjella over Veitastrond vart knust til pinneved då uvêret Dagmar feia inn over Vestlandet natt til andre juledag 2011. Berre grunnmuren stod att etter at naturkreftene hadde herja frå seg.

Sidan har det blitt jobba jamt og trutt med å få bygd opp att hyttemiljøet. No føler turlaget at ballen har byrja rulle fortare.

Tungestølen

KNUST AV UVÊR: Natt til andre juledag 2011 gjorde orkanen Dagmar kort prosess med den tradisjonsrike Tungestølen turisthytte.

Foto: Hildegunn S. Heggestad

– Vi har drive på med dette sidan gamlehytta bles ned i 2011, og i det siste har det gått relativt bra framover med prosjektet, seier Schanke Eikum.

Då Den Norske Turistforening (DNT) la fram planane for dei nye turisthyttene på Tungestølen sommaren 2015 vart det ramaskrik. Snøhetta sitt forslag vart blant anna skildra som havarert trailer, med konteinarar slengt utover. No har uroa lagt seg, og Luster Turlag opplever at dei har brei oppslutnad i nærmiljøet.

– Vi er i ferd med å avslutte forhandlingane med grunneigarane, slik at vi har eit godt fundament for etableringa av turisthytta.

Manglar store summar, men...

Nye Tungestølen skal bli eit hyttetun med fleire hytter, og har ein totalkostnad på 22 millionar kroner. Men sidan det er fleire hytter, kan ein starte bygginga før finansieringa av heile prosjektet er i boks.

Sist sommar gjekk Luster Sparebank inn med tre millionar kroner, medan Sparebanken Vest la ein million kroner på bordet tidlegare i år. Følgjer kommunestyret i Luster opp sitt eige formannskap, kjem det tre millionar kroner derifrå også.

Turlaget er svært takknemlege for støtta og håpar det blir byggjeaktivitet på stølen neste år.

– Kor vidt vi greier å ha bygga klare i løpet av sommaren eller seinhausten, det må vi sjå. Det kjem litt an på kor tid vi kjem i gang. Men det hadde vore veldig artig å få opp eit hytte i det som også er DNT sitt 150-årsjubileum.

Nye tungestølen

ANNLEIS: Arkitekturen frå Snøhetta har fått både positive og negative tilbakemeldingar.

Foto: Snøhetta

Spent på mottakinga – også i utlandet

Den nye DNT-hytta Skålabu på Skåla i Loen har hatt ein fantastisk sesong etter at den opna sist vinter. Nesten 2000 har overnatta i den moderne turisthytta 1848 moh. I Luster er turlaget spente på om det moderne hyttetunet på Tungestølen slår an.

– Dette er eit prosjekt som allereie har vekt merksemd langt utover landegrensene, seier Schanke Eikum.

– Kan det bli så flott at folk kjem langvegsfrå?

– Naturbaserte opplevingar er populært i Norge, og mange frå Asia kjem hit for å oppleve naturen. Om vi kan kombinere natur med god, norsk arkitektur, og servere dei eit godt måltid slik vi har planar om på Tungestølen, så vil det bli ei veldig flott, heilskapleg oppleving.