NRK Meny
Normal

Går 17,5 timar mellom kvart førarkortbeslag

Statistikk frå UP syner at det i Sogn og Fjordane har gått 17,5 timar mellom kvart førarkortbeslag i årets første fire månadar.

Terje Oksnes, UP

FØREBYGGJE: - I år har vi eit auka fokus på køyring i rusa tilstand. Vår viktigaste oppgåve er å hindre at folk seg seg rusa bak rattet, seier distriktsleiar i distrikt 6, Terje Oksnes.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

For 2014 var tala for same periode 14,3 timar. I heile UP-distriktet, Haugaland og Sunnhordland, Hordaland og Sogn og Fjordane, går det berre 7,9 timar mellom kvart beslag. I fjor var same til 5,4 timar.

– Ein av årsakene til at tala har gått ned er at laserkontrollar har vorte flytta frå tettbygd strok til område utanfor tettbygd strok Dette gjer vi for å treffe så godt som mogleg med aktiviteten vår med tanke på ulykkesbiletet for dei mest alvorlege ulykkene, seier distriktsleiar for distrikt 6, Terje Oksnes.

Færre mistar førarkortet

Han peikar på at like mange køyrer for fort når ein ser på kva som vert avdekt av fartsoverskridingar, men at færre bilistar mistar førarkortet. Framleis er det mest menn som er harde på gassen.

– Dei har ei anna haldning til fart og risiko. For kvar eine kvinne vi melder for fartsoverskridingar, melder vi 11 menn, seier Oksnes.

I Sogn og Fjordane er 123 bilistar stoppa for farleg åtferd i trafikken i år, mot 56 i fjor. Totalt for distriktet er talet 1040 mot 1403 i fjor. Mange av desse bilistane er stoppa på grunn av mobilbruk medan dei køyrer bil.

– Eg er overraska over at talet er såpass høgt når ein veit kva farar det fører til, og den merksemda dette har fått, seier Oksnes.

Satsar hardt for å komme rusen til livs

Ikkje sjeldan stoppar politiet bilistar med relativt nye bilar der det å kople opp telefonen mot handsfree eller andre innretningar ville vore gjort med eit tastetrykk.

– Det handlar om haldningar, seier Oksnes.

Totalt er fire bilistar i Sogn og Fjordane tekne for køyring i rusa tilstand, noko som er tre meir enn i same periode i fjor. For heile UP-distriktet er talet 46 mot 36 i fjor.

– Rus er eit satningsområde, og alle som vert stoppa i ein trafikkontroll må også blåse, seier Oksnes.

Gler seg over at talet på ulykker har gått ned

Her jobbar politiet etter to strategiar.

– Vi trur at når alle som vert stoppa i trafikkontroll må blåse i alkometer, så har det ein avskrekkande effekt. Det er vårt viktigaste bidrag til å førebyggje at ein rusa person set seg bak rattet. I tillegg jobbar vi sjølvsagt for å avdekkje når slikt har skjedd, seier Oksnes.

Distriktsleiaren peikar på at 81 prosent av alle bilistane som vert stoppa har ikkje gjort noko gale.

– Når vi ser på første kvartal i år så er talet på ulykker i vårt UP-distrikt meir enn halvvert. Det er rett nok små tal vi opererer med, så det gir ikkje eit fullstendig bilete, men vi vågar likevel å gle oss over tendensen, seier Oksnes.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.