Hopp til innhold

Gammalt autovern på ulukkesstad

Autovernet langs fylkesveg 55 ved Nessane i Balestrand følgjer ikkje dagens standard. Tysdag omkom ei 19 år gamal kvinne etter ei utforkøyring med lastebil på staden.

Per Andreas Øren fortvilar over sikringa av vegane, her med rekkverk ved Nessane

FORTVILA: Lastebileigar Per Andreas Øren fortvilar over sikringa av vegane. Biletet syner rekkverket på fylkesveg 55 ved Nessane der ein lastebil hamna i fjorden tysdag.

Foto: Montasje: Stubhaug/Guddal/NRK

Om fylkesveg 55 hadde blitt bygd i dag hadde ikkje autovernet på ulukkesstaden blitt godkjent, skriv avisa Firda. Vegnormalen i dag krev minst 75 centimeter høgde, men avisa sine målingar syner at rekkverket på staden berre er 55 centimeter.

– Dette er ein gammal veg, og den følgjer gamle standardar. Rekkverka på desse eldre vegane er ikkje dimensjonert for å stogge lastebilar, seier Jan Breme, overingeniør i Vegvesenet til Firda.

– Det kan hende ein nyare type autovern hadde stogga bilen, seier han vidare, men presiserer overfor avisa at dette er noko ulukkesgruppa vil ta stilling til.

Funnen omkomen i førarhuset

Tysdag vart det slått full alarm etter meldinga om at ein lastebil hadde hamna i fjorden like ved Nessane i Balestrand. Store ressursar vart kalla ut, og dykkarar tok seg etter kvart inn i førarhuset der dei fann den 19 år gamle kvinnelege føraren omkomen.

Spor på ulukkesstaden tyder på at lastebilen kom utfor asfaltkanten på høgre side av vegen, før den kryssa vegen og hamna i Sognefjorden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rekkverk på ulukkesstaden der lastebil hamna i fjorden på fylkesveg 55 ved Nessane

I FJORDEN: Lastebilen har truleg kome utfor asfaltkanten på høgre side, før den kryssa vegen og la autovernet flatt før den hamna i fjorden.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Trasig at det skal bli så gale

Tidlegare leiar i lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane, Per Andreas Øren, meiner både forfallet på sikringa av vegane er stort. Han seier til Firda at gamle, låge og svake rekkverk er noko ein ser fleire stader.

– Mangelen på vedlikehald og etterslep på vegane er stort, og det er Vegvesenet klare over og har sjølve sagt mykje om. Når vi får ei slik tragisk ulukke kjem dette opp att, seier han til NRK.no og håpar noko snart vil skje.

– Mange sjåførar er fortvila over spesielle strekningar, og det er mange parti som er veldig vanskelege, seier han.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

SKULLE GJERNE GJORT MEIR: Seier Nils Magne Slinde i Vegvesenet om opprusting av rekkverk og standard på vegane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Han presiserer at han ikkje kjenner detaljane rundt akkurat denne ulukka, men meiner bileta av rekkverket taler sitt tydelege språk.

– Det er ikkje meir enn det må vere på desse strekninga, og det er trasig at det skal bli så gale. Det må eit skikkeleg løft til for å betre sikringa, seier han til NRK.no.

– Skulle gjerne gjort meir

Nils Magne Slinde som er avdelingsleiar i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane forstår at Øren er fortvila over situasjonen. Han stadfestar at dei fleire gonger har bede om auka løyvingar til å ta att forfallet langs vegane.

– I forhold til denne tragiske ulukka kjenner eg ikkje standarden på ulukkesstaden. Men generelt er vi samde om at forfallet på vegnettet har gått for langt, seier Slinde til NRK.no.

– Rekkverk er ein av dei tinga vi gjerne skulle gjort meir med, det same gjeld vegdekke og vi skulle hatt meir pengar til mindre utbetringar, seier Slinde vidare.