NRK Meny
Normal

Gamletrenaren: – Dette overgår alt

Ein jublande glad Stig Seljeset fekk sjå hoppesset frå Hornindal, Anders Fannemel, lande i botn av bakken i Vikersund i dag. For gamletrenaren er ingenting større enn dette.

Hornindal samla i Vikersund

FEIRA REKORDEN: Vikersund inviterte heile gjengen frå Hornindal på champagne og markering av verdsrekorden.

Foto: Stig Seljeset

– Vi visste kor god han var. Forventningane var på plass, og draumen om ny rekord var der òg, men at det skulle skje er heilt ubegripeleg, seier Stig Seljeset, gamletrenaren til Anders Fannemel.

Han kan trygt ta på seg litt av æra etter at honndølen viste kva han var god for i Vikersund i dag. Håpet om ny norsk verdsrekord denne helga vart verkeleg då Anders Fannemel hoppa heile bakken ned og landa på 251,5 meter.

(Artikkelen held fram under)

Stig Seljeset med sønene

ENORMT: Stig Seljeset med sønene sine Martin og Håkon framfor bakken i Vikersund.

Foto: privat

Full jubel for Anders

Då NRK snakkar med Seljeset er han på veg til premieutdeling.

– Helga har vore heilt fantastisk. Eg såg at forholda var bra i dag og skjønte at det kunne gå vegen. Eg må berre tilstå at det er så vidt eg hugsar kva som skjedde. Det er enormt. Surrealistisk, seier han.

Seljeset jublar så høgt han berre kan i det namnet til Fannemel vert lest opp og ungguten entrar pallen. Sjølv om hoppet i førsteomgang sikra han verdsrekord, hoppar Fannemel berre 202 meter i andreomgang. Dermed blir det tysk siger til Severin Freund og andreplass til honndølen.

– Det er så god stemning her. No vinkar Andres til oss, fortel Seljeset før han set i nok eit jubelbrøl i det 23-åringen tek i mot provet på at han held verdsrekorden.

Slikt ein drøymer om

Gamletrenaren angrar ikkje på at han tok turen til Vikersund denne helga. Han klarar knapt stå på beina, og meiner dette overgår alt.

– Dette er slikt ein går og drøymer om. Det blir ikkje større enn dette. Om ein går opp i bakken her og ser ned til flata, så skjønar ein kor gale det er det dei held på med. Det er langt, konstaterer Seljeset.

Sjølv har han alltid tenkt at Fannemel kom til å ta verdsrekord ein gong.

– Han har heile tida hatt potensial til alt dette. Han har både hovudet og kroppen som skal til. Nei, dette var kjekt. Eg klarar mest ikkje stå i ro, seier Seljeset som innrømmer at han tørkar nokre tårer.

Fannemel med et hopp på 251,5 meter og ny verdensrekord

SJÅ REKORDHOPPET: Anders Fannemel hoppa 251,5 meter i Vikersund.

Rimeleg «strøkent» hopp

Fannemel sjølv gliste bredt etter den djupe landinga på 251,5 meter.

Det heldt til ny verdsrekord, knapt eit døgn etter at Petr Prevc frå Slovenia sette rekord på 250 meter i går.

– Dette er draumen. Eg har nesten mista stemma. I dag fekk eg til eit rimeleg strøkent hopp, seier honndølen til NRK.

Fannemel med et hopp på 251,5 meter og ny verdensrekord

SJÅ REKORDHOPPET: Anders Fannemel hoppa 251,5 meter i Vikersund.

Laster Twitter-innhold
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser