Det var berre manuell varsling og vanlege røykvarslarar i skulebygget. Men sidan ingen av dei som var inne i skulen, oppdaga brannen, var det heller ingen som kunne utløyse alarmen. Det var heller ingen av elevane eller lærarane som høyrde røykvarslarane hyle. Dei installerte varslingssystema er godkjende, og Førde kommune har vurdert det som godt nok, fortel brannsjef Bernhard Øberg. Automatisk varsling tilknytta Alarmsentralen i Florø vart for dyrt for kommunen.
Ukjend årsak
Verken politiet eller brannvesenet kan førebels seie noko sikkert om brannårsaka. Mykje tyder på at brannen starta som ein ulmebrann på loftet før flammane slo gjennom taket. Politiet har ikkje mistanke om at noko kriminelt er årsak til brannen.
Takstfolk frå forsikringsselskapet til Førde kommune og politiet vil i dag gå inn i den brannherja delen av bygget for å finne ut noko meir om omfang og årsak til brannen.
Sjå bilete av brannen på Førde Barneskule
!
Ungane ved Førde barneskule var fredag morgon samla for å høyre og snakke om brannen. Foto Ragnhild Eikenes © NRK
30 femteklassingar, tre lærarar og ei gruppe elevar og tilsette i skulefritidsordninga var i bygget då brannen tok til. Det var foreldre på veg for å hente borna sine som varsla om at det brann på loftet.
Lærarar fortel at dei opplevde det som svært ubehageleg å få vite at det brann over hovuda på dei, utan at dei var klar over det.