NRK Meny
Normal

Gamle «Sognefjord» til sals

Har du 490.000 dollar og saknar gamle «Sognefjord»? Då er det berre å slå til.

Orient Explorer

TIL SALS: denne skuta kan bli di for 490.000 US-dollar. Legg merke til fylkesbåtflagget i baugen.

For no er den gamle slitaren frå fjordafarten til sals. Skipet heiter «Orient Explorer» og held til i Malaysia, men framleis prydar det gamle fylkesbåtflagget baugen.

Det var i 1982 Fylkesbaatane selde «Sognefjord», som hadde frakta folk mellom Bergen og Sogn og Fjordane sidan 1950. Til liks med søsterskipet «Sunnfjord» var skipet tidlegare minesveipar som vart kjøpt frå den amerikanske marinen og bygd om til sivil transport.

MS «Sunnfjord» sokk under slep utanfor Jæren i 1983.

– Fin båt for si tid

Nils Olav Øksnes i Florø var styrmann på «Sognefjord» dei siste åra Fylkesbaatane eigde skuta.

– Det var ein fin båt for si tid, men på slutten vart han nok for umoderne.

Øksnes seier at dei siste turane gjekk mellom Bergen og Sogn, men mest gjekk båten på Nordfjord-ruta. Han hugsar mellom anna ein episode på 1970-talet då båten fekk skade etter å ha køyrt på eit isflak etter å ha gått frå kai på Sandane.

– Kunne du ha tenkt deg å kjøpe båten?

– Nei, det kunne eg ikkje tenke meg. 490.000 dollar blir nokre millionar, så det er uaktuelt. Men det finst kanskje ein rik amerikansk onkel som kan tenke seg ein slik båt?

MS Sognefjord

I FJORDAFART: MS «Sognefjord» då den gjekk i rute mellom Bergen og Sogn og Fjordane.

Foto: Harry Rundrheim

Filmbåt

I 1982 selde Fylkesbaatane «Sognefjord» til Filmeffekt AS, som gav det namnet «Orion». Selskapet brukte båten mellom anna då filmen «Orions belte» vart spelt inn på Svalbard.

Frå 1984 låg skipet i opplag før det vart selt til Matkat OY i Finland. Der hadde skipet endå ein ny eigar og fekk nytt namn, «Orion II», før det vart selt til Honduras i 1996. Året etter vart det igjen selt og fekk namnet det har no, «Orient Explorer».

Og no er det 72 år gamle skipet altså til sals igjen. Seljaren legg vekt på det historiske aspektet.

Fully restored and ready for commercial use or your own private yacht, this historic Pullman built in 1943 for the US Navy by the Pullman Car Company is constructed of reinforced steel.

Det var Pullman Car Company som bygde minesveiparen i 1943 og som då heitte PCE-833. Resten av krigen var det utleigd til den britiske marinen under namnet «Kilham». Etter krigen returnerte det til USA, før det i 1949 vart ombygd og hamna i tenesta til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

Orient Explorer

OPPUSSA: Seljaren reklamerer med at den 72 år gamle skuta er i godt stand.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.