Hopp til innhold

Gambla med vilje

Bremanger kommune har sett 880 millionar kroner i spel med vitande vilje.

Rådhuset i Svelgen, Bremanger kommune

På Rådhuset i Svelgen har fleirfoldige millionar blitt sett på spel. No kjem nok ei rekning...

Foto: Ottar Starheim / NRK

Alt i 2007 var sentrale tilsette og politikarar klar over dei såkalla derivata som dei i år er i ferd med å tape 39 millionar kroner på .

Høgrepolitikar Jorunn Frøyen kan ikkje skjøne korleis det er mogleg å nok ein gong går på ein smell.

- Det er sjølvsagt eit nytt sjokk å få. Eg trudde verkeleg at vi no hadde fått på plass både økonomireglement og hadde fått ein såpass vekkjar at dette ikkje skulle vere mogeleg lenger, seier ho.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Ny økonomisk smell for Bremanger

SJÅ: Ny økonomisk smell for Bremanger.

Ny millionsmell

Trass i at Bremanger kommune har vedteke eit finansreglement som klart seier at kommune ikkje skal gamble i finansmarknaden held dei enorme veddemåla fram.

Kommunen har gjeld på vel 280 millionar kroner etter Terra-tapa i 2007. I år risikerer Bremanger å tape ytterlegare fleirfoldige kroner på såkalla derivat Avtalane vart gjort samstundes som dei andre handlane med Terra Securties.

I tre år har politikarar og administrasjon vore klar over papira, men rådmann Tom Joensen seier dei ikkje har ville selge.

- Det er to parter i ein avtale, så det er ikkje sikkert at det er heilt enkelt å selgje dette. Det andre er at det er visse juridiske aspekt knytt til dette som gjer at det kanskje ikkje var fornuftig, seier han.

Risiko overraskar

Tidlegare ordførar og formannskapsmedlem Einar Kjerpeseth frå Senterpartiet går endå lenger. Han seier han har håpa at verdien på derivatane ville auke fram til dei papira skal innløysast i 2011 og 2015.

- Ein måte jo å kvitte med seg raskast mogeleg og ta det tapet ein har. Vi håpa på at vi i alle fall skulle få att innskotssummen, seier han.

Likevel deler han Joensen si overrasking over den enorme risikoen som no kjem fram. No går det mot nye runder med kutt i Bremanger kommune.