Hopp til innhold

Vil igjen frakte turistar i det gamle dampskipet

Det historiske veteranskipet «Stavenes» kan igjen kome i trafikk på Nærøyfjorden.

DS Stavenes

TILBAKE IGJEN: Dampskipet Stavenes gjekk spesielt mykje i trafikk mellom Flåm og Gudvangen i sine glansdagar. No kan båten igjen bli å sjå på denne ruta, med turistar frå heile verda om bord.

Foto: Harry Runderheim / © Fjord1

Det kom fram på årsmøtet for Nærøyfjorden verdsarvpark i Flåm i dag, til stor glede for Veteranskibslaget Stavenes.

Dei jobbar nemleg iherdig for å setje i stand den kulturhistorisk viktige båten.

Nyleg fekk dei over tre millionar kroner av Riksantikvaren til restaurering, og leiaren i veteranskipslaget ser no for seg at turistar frå fjern og nær igjen skal få nyte den gamle veteranbåten.

– Det vi kan få til med Stavenes er ei historisk reise i eit historisk skip, og vi kan leggje til ved stader som har ei historie, seier Øyvin Konglevoll oppglødd.

Tilbake til sitt gamle ruteområde

Øyvin Konglevoll

OPTIMIST: Øyvin Konglevoll som er leiar i Veteranskibslaget Stavenes håpar skipet igjen skal kome i trafikk i Nærøyfjorden.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Veteranbåten DS «Stavenes» fyller 1. september i år 110 år. I over 20 år har ivrige båtentusiastar jobba med å setje båten i stand att, og no ser det ut til skipet igjen kan bli å sjå på fjorden, proppfull med folk.

– I sin uttale seier Riksantikvaren at båten er av særleg interesse for dei fordi båten hadde rute i Nærøyfjorden, som er eit av Norge sine bidrag på Unesco si verdsarvliste.

– Skipet representerer difor eit viktig historisk element og ein ressurs for formidlinga i området, meiner dei, seier Konglevoll.

Han fortel at riksantikvar Jørn Holme personleg har teke til orde for å få båten i turistfart igjen i Nærøyfjorden, og håpet er at denne tanken kan realisert i løpet av nokre år.

(Artikkelen held fram under)

Buss på Stavenes

VAR BILFØRANDE: Dette biletet frå 1939 viser korleis Stavenes fekk med seg bussar mellom Vadheim og Lærdal på den tida.

Foto: Veteranskibslaget Stavenes

– For dei som vil oppleve litt meir

I dag er det cruiseskip og moderne bilferjer som trafikkerer Nærøyfjorden, men Konglevoll er trygg på at Stavenes vil tilføre reisemålet det vesle ekstra.

– Stavenes vil ikkje vere nokon konkurrent, men eit verdifullt supplement. Den tek 100 passasjerar, og skal ikkje vere ein båt ein køyrer i hel.

– Den er for dei som ønskjer å oppleve litt meir, vil ta seg litt meir tid og som er villige til å legge att litt meir pengar, seier Konglevoll.

– Det står på pengane

Han ser for seg at Stavenes vil frakte turistane rundt til dei små bygdene som ligg langs fjorden, og trur den gamle båten kan bli kulissane for ei historisk reise i det tradisjonsrike landskapet.

Akkurat kor tid desse planane kan realiserast er førebels for tidleg å seie.

– Det er jo pengane som avgjer dette. Det vi har fått pengar til i år er å få på plass dampmaskin og kjel, slik at maskina går for eiga maskin. Dette er ein stor milepæl. Det som står att vil vere innreiing, så båten kan vere klar om eitt til to år med passasjersertifikat.

– Målet når den står klar er å få til ei signingsferd innover fjorden, men det er som sagt midlane som avgjer dette, seier Konglevoll.

DS Stavenes under slep frå England

IKKJE NOKO STOLT SYN: DS «Stavenes» då båten vart slept heim frå England i 1991.

Foto: (tv-innslag) / NRK