Hopp til innhold

Norsk Gamalostlag har gjenoppstått

Etter mange år med broten rygg er Norsk Gamalostlag oppstanden. Og dei har både ein misjon og ein visjon, nemleg å setje osten frå Vik i Sogn ytterlegare på kartet.

Gamalost og Jens Brekke

LAGET ER I GANG ATT: Jens Brekke er gamalosthovding i den gjenoppliva gamalostlaget.

Foto: Oddleif Løset/Hilde Zahl / NRK

– Me daua litt ufrivillig. Det var gamle gode John Moberg som starta opp Norsk Gamalostlag. Då han døydde så slokna laget litt med han. Men så fann me ut at det var på tide med ein oppstode, seier Jens Brekke.

Måndag kveld vart det halde høgtideleg oppstode av laget på Ostebaren på Vik Meieri.

Dermed gjer dei litt ære både på gamalosten, men også Moberg som starta det heile for mange år sidan.

– Poenget med Norsk Gamalostlag er å spreie både kunnskap og at folk er klar over kva me har. Gamalosten er vår eldste ost, understrekar Brekke, som er utnemnt til gamalosthovding.

Har røter tilbake til vikingtida

Vel å merke når vi snakkar om når han vart oppfunnen. Gamalosten er framleis den yngste av dei lagra ostane i Norge.

– Osten er like gamal som Snorre og Håvamål, heilt tilbake i vikingtida. Det er ein verkeleg historisk ost, seier Brekke.

Og han understrekar at laget ikkje er noko tull og tøys.

– Me har både misjon og visjon. Me ønskjer å spreie kunnskap om gamalosten. Men det er også viktig å snakke om matkultur og stoltheit over gamalosten, seier Brekke.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Universitet for miljø- og biovitenskap forsker på helsevirkning av gammelost.

FORSKAR: Her forskar dei på gamalosten.

Skal spreie bodskapen

Han peikar på at mange andre både fylke og land dyrkar sine spesielle matrettar og marknadsfører dei godt.

– Har du ikkje ete smalahove, er du ikkje skikkeleg vossing, seier dei på Voss. Har du ikkje reist med Flåmsbana, er du ikkje ekte sogning, seier dei i Sogn. Har du ikkje ete rakfisk, er du ikkje ekte valdres. Har du ikkje vore på Nordkapp, er du ikkje ekte nordlending, og har du ikkje ete vêraballar, så er du ikkje ekte islending. Har du ikkje ete gamalost, er du ikkje ekte nordmann, seier Brekke.

Han peikar også på at gamalosten no er forska på og funnen helsefremjande på opptil fleire måtar. Forsking har synt at osten både skal gjere godt for høgt kolesterol, samt at han inneheld stoff som kan motverke kreft.

– Og berre tenk, kva slags næringsmiddel er det som inneheld 50 prosent protein? Jau, det gjer gamalosten. Han har berre eitt prosent feitt, og halvparten av osten er protein, seier Brekke.

Halve osten er protein

Han peikar på at i dagens samfunn er folk opptekne av å trene, og einskilde tek jamvel kosttilskot for å få i seg nok protein.

– Kvifor et dei ikkje gamalost, spør Brekke.

– Så no vert det store musklar på heile gamalostlaget?

– Ja, det er berre så vidt me kjem oss inn i trøyene våre, seier Brekke med eit glimt i auga.

Laget er i utgangspunktet ope for dei som vil.

– Her er all slags typar med. Det har til no vore mykje vestlendingar med, men det er i endring, seier Brekke.

(Artikkelen held fram under biletet)

GAMALOSTFESTIVALEN: Ottar Wiik og Jens Brekke syng om gamalosten

PRISA GAMALOSTEN: Her syng Ottar Wiik og Jens Brekke gamalostens pris ved ein tidlegare Gamalostfestival.

Foto: Odd Inge Gjeraker

Gjekk nesten tom for gamalost

Gamalosten har fått mykje medieomtale etter at han har vorte forska på. For knapt ei veke sidan kunne sjåarane på TV2 sjå skuleborn ved Flatbygdi skule i Vik ete gamalost i beste sendetid. Slikt merkar også gamalostlauget.

– No held austlendingane på å forstå at vestlendingane får noko som dei ikkje får, så førre veke skjedde det noko historisk. Nasjonallageret med gamalost i Trondheim gjekk nesten tomt fordi det har vore så veldig omsetnad av gamalost i den seinare tid, fortel Brekke.

Han utelukkar ikkje at gamalostlauget må tenkje på å omorganisere seg.

– Ja, kanskje lyt me gjere oss om til ei rasjoneringsnemnd etter kvart, seier Brekke lurt.

Ikkje berre smak, men kultur

Han peikar på at det er ein del av smaksopplevinga og kulturen vår.

– Eg tykkjer gamalost er godt. Men gamalosten modnast heile tida. Det er ein av dei ferskaste ostane våre, men får han modnast for lenge, så skil han ut ammoniakk og vatn, fortel Brekke.

Denne modningsprosessen går uansett korleis ein pakkar inn osten.

– Det einaste som stoppar prosessen er kuldegrader. Frys du han ned og tek opp dei bitane du treng, så er han verkeleg god. Men blir han ein to-tre månader, så kan han bli krutsterk, seier Brekke.

Men han peikar på at det er nokon som likar det også.

– Det var ein gang ein eldre kar som sa at «får du av dei sterkaste gamalostane så er det nett som om du kan nøytralisere brennevin med han», seier Brekke.

Gamalost har umami-smaken

Sjølv tykkjer han gamalosten er best fersk.

– På ei god grovbrødskive, og med smør under, seier Brekke.

Han peikar på at gamalosten har den såkalla umami-smaken, den femte smaken som me ikkje har i språket vårt ein gong.

– Han har den eigenskapen at han framhevar andre smakar. Så har du gamalost på grovbrødskiva, så framhevar han smaken på nettopp brødet og smøret. Det er ein fantastisk eigenskap, seier Brekke.