Publikumsfavoritten kjem til Sogndal med litt av eit forslag

– Kan ikkje vi ha som avtale at vi får vinne i dag, så kan Sogndal ta resten av kampane?

Ole Jørgen Halvorsen

TRE PÅ RAD: På sju møter har Ole Jørgen Halvorsen framleis til gode å gå tapande av bana mot gamleklubben. Det er blitt fem sigrar og to uavgjort. – Det blir nok to revansjelystne lag. Vi som surra vekk to poeng på tampen mot Stabæk sist, og Sogndal som tapte 3–1 på Sarpsborg stadion, seier han.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Det er med glimt i auge at den tidlegare publikumsfavoritten på Fosshaugane, Ole Jørgen Halvorsen, lanserer forslaget til ein avtale.

Midtbanespelaren som i 2011 reiste frå Sogndal etter 16 mål på 65 dagar, er tilbake i bygda som Sarpsborg 08-spelar på medaljejakt.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er alltid spesielt å komme tilbake til Fosshaugane. Eg vart veldig glad i Sogndal, staden og klubben då eg var der, seier han før helgas møte med gamleklubben.

Har lyst på medalje

Ole Jørgen Halvorsen

KJENT STIL: Ole Jørgen Halvorsen spelte i Sogndal frå 2009 til 2011.

Foto: Oddleif Løset / NRK

30-åringen har sidan Sogndal vore innom Fredrikstad, Odd og Bodø/Glimt (lån) i tillegg til Sarpsborg. I år kjempar han om medalje i serien og er klar for å ta cupgullet han som Odd-spelar gjekk glipp av i 2014.

Han er vel klar over at sigeren som er så viktig for Sarpsborg 08 i kveld, kan sende gamleklubben nærare nedrykk.

– Det er litt synd at dei ligg litt utsett til, men samstundes har vi lyst på medalje også, seier han og lanserer forslaget som nemnt ovanfor.

Har tre sigrar på tre returar

Midtbanespelaren har fått ein god opptur etter overgangen frå Odd. Trenar Geir Bakke har gjeve Halvorsen godt med tillit.

– Det har vore ein veldig fin og moro sesong. Eg har til og med fått kome på scoringsblokka, seier Halvorsen som står bokført med tre mål, fem målgjevande og 23 kampar for Sarpsborg.

I kveld kan han vinne sin fjerde av fire moglege returar til Fosshaugane.

– Eg har hatt ganske bra statistikk der. Det skal seiast, seier han.

Dempa jubelscener

Halvorsen ventar eit jamt og tøft oppgjer mellom to lag som treng poenga.

– Dei kjem med stort trykk, stor dødballkraft, herleg innsats og godt organisert lag med god kontringsstyrke. Så får vi sjå om vi står i mot. Er vi opp mot vårt beste er det gode sjansar for tre poeng, seier han og legg til:

– Det blir som regel tøft på Fosshaugane på hausten. Det veit eg alt om.

– Og om du scorar?

– Då blir det dempa feiring, som då eg scora med Fredrikstad. Ein jublar ikkje hemningslaust når ein scorar mot klubben ein har spelt på før og set pris på.

Laster innhold, vennligst vent..

Kampen mellom Sogndal og Sarpsborg kan du også følgje direkte i 442 radiosporten.