Mattilsynet likar ikkje metoden, men kan ikkje hindre verksemda. Det seier distrikssjef Are Natland Bøe i Mattilsynet.
- Verksemda har sjølv ansvaret for at produktet har godkjent kvalitet, seier Natland Bøe.
Lang reise
Sunnmørsposten skriv i dag at fisken som har vært i produksjon på Seafood Support i Måløy har hatt ei lang reise. I eitt tilfelle er 40 tonn med hyse først fiska i nordatlanteren og så fryst. Så er fisken frakta til Kina. Her vart den tina, filetert og frosen på nytt. Så er fisken sendt til ein kunde i Storbritannia.
Tilbake til Måløy
Etter at best-før datoen er overskriden, eller i ferd med å bli overskriden, er den selt vidare til Seafood Support i Måløy. Der har selskapet tina fisken ein gong til, og salta den før den vert eksportert.
Dagleg leiar i Seafood Support, Kjell-Ove Dyb, vil ikkje kommentere saka i dag.