Hopp til innhold

Galskap å kjøpe Widerøe, meiner Frp

Det vil vere galskap av fylkeskommunen å seie ja til oppkjøp av Widerøe.

Frank Willy Djuvik
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Det seier Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i Framstegspartiet.

- Så lenge fylkeskommunen eig 59 prosent av Fjord1, betyr det at det er skattebetalarane sine pengar som må tilførast selskapet. Dette for at det skal vere kapital nok til å kjøpe Wideøe. I tillegg vil det vere skattebetarane sine pengar som må stå for risikoen dersom selskapet skulle byrje å gå dårleg, seier han.

Med i ei gruppe

SAS skal selje Widerøe som ein del av ein redningsplan, og Fjord1 er, etter det NRK kjenner til, ein av aktørane ei i gruppering som er med i kampen om å få kjøpe Widerøe.Tidlegare er det kjend at tilsette i flyselskapet skal vere interesserte i Widerøe. Det same skal transportselskapet Torghatten ASA og investor Per G. Braathen vere.

Følling avviser ikkje oppkjøp

Jenny Følling, fylkesvaraordførar for Senterpartiet, stiller seg open for at Fjord1 kan gå inn i Widerøe.

- Det er naturleg at Fjord1 jobbar med ulike løysingar for å finne strategiske samarbeidspartnarar. For distrikta er det svært viktig at Widerøe har seriøse og solide eigarar. Slik sett er dette viktig. Saka må utgreiiast skikkeleg før ein eventuelt seier ja eller nei til oppkjøp, seier ho.

Ønskjer fleire bein å stå på


Bakgrunnen for at Fjord1 vil inn på eigarsida i flyselskapet, er at dei ønskjer fleire bein å stå på, etter at dei nyleg selde seg ut av bussverksemda. Widerøe har gått med store overskot dei siste åra og er Nordens største regionale flyselskap, med 1400 tilsette og ei årleg omsetning på 3,2 milliardar kroner.


Krev politisk godkjenning

Fjord1 er eit selskap med 1100 tilsette og tre milliardar i omsetning, der Sogn og Fjordane Fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane. Eit oppkjøp av Widerøe krev difor politisk godkjenning frå fylkeskommunen.
Selskapet Havliafjord frå Sunnmøre eig resten av Fjord1. Verken fylkesordføraren i Sogn og Fjordane eller nokon frå toppleiinga i Fjord 1 ønskjer å kommentere saka.

Høgre avventande

Gruppeleiar før Høgre på fylkestinget, Noralv Distad, har følgjande kommentar til saka.

-Fylkeskommunen er hovudeigar i Fjord1, slik at ein må vere heilt sikker på å ikkje gå inn i ein bransje med for stor risiko. Denne saka må vurderast nøye, seier Distad.