Johnny Mikael Gallefoss er i utgangspunktet Bryne-spelar, men fekk lite speletid i vårsesongen og valde ein leigeavtale med Løv-Ham ut sesongen 2005 for å få speletid. Og under trenar Magnus Johansson har angrepsspelaren frå Guddalen i Fjaler fått både tillit og ansvar i bergensklubben.
31. desember går leigeavtalen med Løv-Ham ut, men klubben vil gjerne ha Gallefoss med vidare. Også Magnus Johansson har signalisert at 25-åringen kan ha ei framtid i Bryne.
Gallefoss skåra tre mål på dei fjorten kampane han fekk for Løv-Ham sidan utlånet frå Bryne i juli. Blir det den raud-kvite brynedrakta neste sesong, må han bu seg på mindre speletid.