Hopp til innhold

Gallakonsert med Linda Eide

Her kan du sjå gallakonserten frå Førdefestivalen i kveld, leia av Linda Eide.

Gallakonserten Førdefestivalen 2018

Førdefestivalen: Frå kjærleiksballadar 706 meter over havet til heit katalansk rumba på bakkenivå. Alt for å få folk til å danse.

– Eg er dansar i sjel og sinn, så det er kjekt at dansemusikken er i fokus, seier festivalsjef Hilde Bjørkum, som er inne i sitt siste år som leiar for Førdefestivalen.

Ho slit med å velje ut ein favoritt frå programmet til Nordens største festival for folkemusikk og verdsmusikk.

– Tenk at vi kan velje frå heile verda. Vi får inn 500 forslag kvar veke frå musikarar som vil spele. Vi skal servere folk noko av dette, og det er veldig kjekt at vi kan legge til rette for det.

Gjennom 29 år med festival er det mange minner, men innslaget med mongolsk strupesong står sterkt.

Hilde

SITT SISTE ÅR SOM FESTIVALSJEF: Hilde Bjørkum takkar for seg som festivalsjef etter Førdefestivalen i år.

Foto: Dagrun Reiakvam

– Vi var dei første som fekk vist fram mongolsk strupesong på ei konsertscene i Noreg. Ein av dei frivillige hadde med seg ungen sin på konserten, og på veg heim igjen i bilen kunne han køyre noko brumling frå baksetet. Han bad ungen slutte med brumlinga, men då sa ungen at det var song frå Sibir, seier Hilde og ler.

Laurdag kveld er det festivalgalla i Førdehuset. Den kan du sjå direkte frå kl. 20. Programleiar er Linda Eide.

Musikkfest på Elvetorget
Foto: Tuva Listau