Hopp til innhold

Fyrverkeriet var ikkje like kjekt for alle

Politiet fekk i går kveld og i natt fleire uromeldingar om rakettoppskyting. Likevel har det vore ei roleg nyttårsaftan samanlikna med tidlegare feiringar, seier politiet.

Nyttårsrakettar

DELTE MEININGAR: Medan mange storkoste seg med fyrverkeri på nyttårsftan var det skremmande for andre. Biletet er teke på Ytre Hafstad i Førde.

Foto: Tore Sørbø

– Meldingane har komme frå folk som har vore uroa for rakettoppskytinga. Det har gått på dyr som reagert på smella, og dyr som har stukke av som følgje av fyrverkeriet, fortel operasjonsleiar for politiet, Olaug Holme.

Redde folk og dyr

I tillegg har fleire meldt inn uro grunna oppskyting i nabolag med trehus.

Trass i fleire uromeldingar er det berre éin person som er politimeld for å ha sendt opp rakettar på ulovleg vis. Vedkommande skaut opp rakettar på forbode område i Florø.

Meldingar om at dyr blir redde for fyrverkeri er ikkje noko nytt, ifølgje operasjonsleiaren.

– Det er ikkje så mykje vi får gjort med det. Det er dei som eig dyra som må ta dei naudsynte grepa for at dyra skal ha det bra, seier Holme.

Det er heller ikkje alltid like mykje dei kan gjere med andre uromeldingar knytt til rakettoppskyting.

– Vi kan berre oppmode folk til korleis dei skal stelle seg til oppskyting. Vi forstår jo at folk vil vi skal gjere noko, men det er dessverre slik at det ikkje alltid går. Hadde vi hatt namn på personar hadde det vore enklare, seier ho.

Vald og slagsmål

For dei som er redde oppmodar ho til å sjølv ta kontakt med naboane dersom ein føler seg utrygg, slik at dei kanskje kan ta omsyn.

Bortsett frå meldingar i høve til rakettoppskytinga har politiet også fått inn meldingar om fleire slagsmål og rus. I Høyanger måtte dei rykkje ut til ein bustad der det var slagsmål på gang. Ein person vart fjerna frå staden og køyrd heim etter å ha blitt sjekka av lege. I Førde var det bråk ved ein bensinstasjon, men politiet ordna opp på staden. I Krokane i Florø har ein person blitt slegen til av tre andre personar. Saka vil bli politimeld.

Utover dette måtte politiet reise til Skilbrei i Gaular for å hjelpe ein drosjeførar som ikkje fekk ein rusa passasjer ut av drosja. Det enda med at politiet køyrde vedkommande heim.

– Har opplevd langt verre

Sjølv om politiloggen viser fleire hendingar frå natta, seier operasjonsleiar Olaug Holme at det har vore ei roleg nyttårsaftan.

På loggen til politiet ønskjer dei også alle godt nyttår og oppmodar alle om å vere snille med kvarandre i 2015. Dette starta ikkje heilt så godt, men Holme seier dei har hatt langt verre nyttårsaftar.

– Om du ser på meldingane er det ikkje dei store tinga, sjølv om det kanskje har vore det for dei involvert. Samanliknar ein dette med ei vanleg helg har det ikkje vore avskrekkande akkurat. Det har gått roleg for seg, seier Holme.