Hopp til innhold

Fyrte av første salva for det nye kraftverket i Sunnfjord

Torsdag vart starten for den største vasskraftutbygginga i fylket dei siste 30 åra markert på Moskog.

Fredrik Behrens og Oddmund Klakegg

ANLEGGSSTART: Administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens og ordførar i Jøster, Oddmund Klakegg (Sp) ved

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Bak utbygginga står Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi.

– Vi snakkar om å produsere å over 200 millionar kilowatt timar i året, og det blir litt når ein tenker på at ein vanleg husstand brukar kring 20 000 kilowatt timar i løpet av eit år, seier Fredrik Behrens som er administrerande direktør i Sunnfjord Energi.

Kraftverket skal utnytte fallet frå utløpet av Jølstravatnet og ned mot Movatnet i Førde. Eit fall som er på kring 170 meter.

– Dette er den største utbygginga på mange år. Det vil gi stor aktivitet under utbygginga og ikkje minst trur vi at det skal gi god økonomi til kommune, grunneigarar og selskapet vårt, seier Behrens.

Langt svangerskap

Det var ordførar i Jølster Oddmund Klakegg som fekk æra av å fyre av dynamittsalven som markerte starten anleggsarbeidet.

Oddmund Klakegg

SKYTEBAS: Oddmund Klakegg (Sp) er ordførar i Jølster skaut første salven.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er veldig kjekt å få vere med å skyte første salva for Jølstra Kraftverk. Dette har vi jobba med lenge, eg trur første møtet om saka var for 12 – 13 år sidan, så det har vore eit langt svangerskap, seier Klakegg

– Kva vil dette kraftverket få å seie for fylket?

–Kraftverket vil gi svært mykje fornybar energi, og vil kunne levere straum nok til nær 10 000 husstandar og gir eit stort bidrag til den totale kraftproduksjonen i fylket, som allereie er svært stor, seier Klakegg.

Utbygginga er rekna å ta kring tre år og skal etter planen stå klar på våren/sommaren i 2021.