Hopp til innhold

– Det er ofte mykje press på skulen. Det kan fort bli slitsamt

Mange unge i dag opplever mykje press i kvardagen. No har Fylkeskommunen i samarbeid med Helse Førde utvikla ein fyrstehjelpspakke for elevane ved første trinn i vidaregåande opplæring.

Elevar mo

FORNØGDE ELEVAR: Frå venstre Synnøve Nyhammer, Per Kristian Stubberud Eide, Åse Hogrenning og Cathrine Lødemel.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

–Det er ofte mykje press på skulen. Når du bur på internat slik som vi gjer, så er det folk rundt deg heile tida. Det kan fort bli slitsamt. No har vi lært å sjå teikna, og då legg vi betre merke til det dersom det er nokon som slit, seier Åse Hogrenning.

Ho er elev ved Mo og Jølster vidaregåande skule. Dei er ein av skulane i fylket som har deltatt på prøveprosjektet. Hogrenning tykkjer fyrstehjelpskurset har vore lærerikt.

Høgt press frå fleire kantar

Psykologspesialist Tonny Helgøy, ruskoordinator Harald Munkvold og spesialpedagog Kirsten Flaten utgjer fagpersonane ansvarlege for prosjektet Fyrstehjelpspakke i psykisk helse for vidaregåande skular. Dei opplever at unge i dag føler press på fleire arenaer.

–Dei skal definere seg sjølve og deira plass i verda. Dei skal byggje seg ein identitet som vaksne. Det er veldig mykje som skal falle på plass i løp av ein veldig intens periode i livet, seier Helgøy.

Dei tre fagpersonane frå Helse Førde har kvar sine fagfelt og skal saman forsøke å betre den psykiske helsa til elevane i skulen.

Vil bidra til betre psykisk helse

Fyrstehjelpspakken er eit kortkurs i korleis ungdomane betre kan ta vare på eiga psykisk helse. Bakgrunnen for kurset har blant anna vore forsking som viser at mange unge som ikkje fullfører vidaregåande opplæring har problem med psykisk helse.

Forsking gjort av blant anna Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA), viser at kvar tredje elev sluttar på skulen. Ofte heng dette saman med psykiske problem. Kurset har som formål å bremse fråfallet av elvar i den vidaregåande skulen. Spesialpedagog Kirsten Flaten seier at dei unge i dag er utsett for mykje press i kvardagen.

-Det er mykje press rundt utsjånad og personlegdom. Du skal vere populær og ha mange vener. I tillegg skal du gjere det bra på skulen og i fritidsaktivitetar utanfor skulen. Du må prestere på så mange ulike område, seier Flaten.

Vellukka prøveprosjekt

Fylkeskommunen og Helse Førde har så langt presentert fyrstehjelpspakken på tre av dei vidaregåande skulane i fylket. Desse er Firda vidaregåande, Dale vidaregåande og Mo og Jølster vidaregåande skule.

Prosjektet har allereie fått gode tilbakemeldingar, og frå hausten 2014 vil fleire skular få moglegheit til å gjennomføre opplegget.

Både elevar, tilsette og lærarar fekk kursing. Så langt har dei fått gode tilbakemeldingar på opplegget. Sentrale stikkord for kurset er til dømes identitetsbygging, sjølvkjensle, angst, depresjon og rus.

Ifølgje Flaten er det viktig å vise elevane at det er naturleg å ha dårlege dagar, og i tillegg gi dei reiskap for å takle dei vanskelege stundene i kvardagen.

–Psykisk helse handlar om korleis vi har det, tankane våre og korleis vi føler oss. Då er det klart at det vil påverke korleis vi oppfører oss. Alle har negative tankar inni mellom. Men blir det for mykje av dei, så treng vi hjelp, seier Flaten

Fokus på rus i fleire betydningar

Harald Munkvold

ANDRE TYPAR 'RUS': Ruskoordinator Harald Munkvold seier det er viktig å finne gleda i aktivitetar og opplevingar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Rus har vore eit av dei sentrale tema på kortkurset. Harald Munkvold jobbar til dagleg som ruskoordinator og meiner ein må finne andre måtar å «ruse» seg på.

Ifølgje han trur ungdom flest at alle andre på deira alder drikk og rusar seg meir enn dei faktisk gjer. Han vil sette fokus på alternative måtar å «ruse» seg på, gjennom gode opplevingar, som fritidsaktivitetar, gode musikk eller kulturopplevingar og liknande.

–Det er rart at ein ruskoordinator seier at det er for lite rus. Men eg meiner sjølvsagt at der er for mykje rusmiddel, men for lite av andre typar «rus», seier Munkvold.

Dette var noko Hogrenning og medelevane Cathrine Lødemel og Per Kristian Stubberud Eide var einig i.

–Ein kan ruse seg på andre måtar enn ved rusmiddel. Dette kan ein gjere ved å oppdage nye ting og gjere spennande ting som vi ikkje gjer til vanleg.

–Ja. Heller adrenalinrus.

–Vi har for eksempel lært at ein times tur kan vere betre enn ein halvliter vodka.