Fyrste stikk til Hemsedals-forkjemparane

Hemsedalsfjellet kjem betre ut på pris og trafikktryggleik enn Hardangervidda i kampen om å bli den nordlege stamvegen mellom Austlandet og Vestlandet.

Jenny Følling

AUST-VEST-BATALJE: – Dette er ikkje beint fram før Stortinget har gjort vedtak, men tida jobbar for Hemsedalsfjellet. Sjølv om desse utgreiingane har hatt ei politisk bestilling, peikar dei likevel på Hemsedalsfjellet, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Hemsedalsfjellet kjem best ut på dei fleste rangeringane, og difor kjem det alternativet òg best ut samla sett, seier prosjektleiar Morten Ask i Statens vegvesen (SVV).

Ask leier den store utgreiinga av ein ny nordleg stamveg mellom Austlandet og Vestlandet. Kampen står mellom riksveg 52 over Hemsedalsfjellet og riksveg 7 over Hardangervidda.

På eit møte Ullensvang måndag la SVV fram ei rekkje analysar som kan bli avgjerande for fagetaten si endelege tilråding til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) 1. september.

– Det kan sjå ut som Hemsedalsfjellet er eit veldig mykje betre alternativ enn Hardangervidda; slik er det ikkje. Hemsedalsfjellet er marginalt betre, seier Ask.

Gudvangatunnelen må erstattast

SVV har granska ei rekkje sider ved ein framtidig aust-vest-hovudveg:

  • Samfunnstryggleik, altså fare for flaum/ras, kor gode omkøyringsmoglegheitene er, kor lett det er å koma fram for naudetatane m.m.
  • Trafikktryggleik, altså fare for trafikkulukker, tunnelulukker, kor gode rømmingsvegane er m.m.
  • Kor stor trafikken kjem til å bli
  • Prisen for å byggja ut dei to alternativa
  • Konsekvensar for natur, friluftsliv, kulturminne, dyrka mark
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen

UTSETTE AUST-VEST-AVGJERDA: Før jul bestemte samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) at E134 over Haukeli skal vera den sørlege hovudvegen mellom Aust- og Vestlandet, men kva veg som skal vera den nordlege, utsette statsråden og starta heller ei ny utgreiing, der tilrådinga frå Statens vegvesen skal vera klar 1. september.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Om samfunnstryggleik konkluderer SVV at begge alternativa er utsette for tunnelbrann, lang responstid og kronglete omkøyringar, men at Hemsedalsfjellet kjem ut «marginalt bedre enn riksveg 7 forutsatt at Flenja- og Gudvangatunnelene erstattes».

– Når det gjeld trafikktryggleik er Hemsedalsfjellet vurdert som noko betre enn Hardangervidda, seier Ask.

Ein av grunnane er at trafikken over Hemsedalsfjellet vil halda seg høg sjølv om Hardangervidda skulle bli bygd ut, og rv52/E16 vil då stå att med mange dårlege tunnelar og vegstrekningar med mange trafikkulukker.

Hardangervidda vil bli dyrare

Ein ny rv. 7 over Hardangervidda vil korta ned strekninga Gol-Voss med 23 kilometer og 36 minuttar medan ein ny rv. 52 vil korta ned strekninga med 17 kilometer og 42 minuttar.

Same kva trase som blir bestemt, må det byggjast nye tunnelar. Hardangervidda-alternativet vil kosta 8 milliardar kroner meir enn Hemsedalsfjells-alternativet anten Stortinget går for lange tunnelar eller korte tunnelar.

– Å løysa Måbødalen og byggja tunnel under Hardangervidda vil bli kostbart for rv. 7-alternativet, seier Ask.

– For stortingspolitikarane som skal ta den endelege avgjerda, er kostnad viktig. Dette viser at Hemsedalsfjellet er billegare, pluss at det alternativet vil løysa ut heile Vestlandet viss det blir bygd ein diagonal arm frå E134 Haukeli gjennom Hardanger til Bergen, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp).

– I favør av Hemsedalsfjellet

Også når det kjem til konsekvensar for natur, friluftsliv, kultur og dyrka mark kjem Hemsedalsfjellet best ut: "Rv7 kommer (…) dårligere ut samlet. Dette skyldes i hovedsak at det er mer bosetting og menneskeleg aktivitet langs denne vegen enn det er langs Rv52", skriv SVV.

– Desse faglege råda går i favør av rv. 52, seier Følling, som kjempar for at Solvik-Olsen skal velja Hemsedalsfjellet som den nordlege aust-vest-vegen.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.