Hopp til innhold

Dei er fyrst i landet med klimafag

SANDANE (NRK): Firda vidaregåande skule er den einaste i landet med klima- og miljøfag. Elevane trur faget kan komme til nytte i både studium og arbeidsliv.

Eirik Hovstad

GJENBRUK: Eirik Hovstad er ein av ti elevar som har faget Klima og miljø. Dei er dei fyrste i landet, og lærde her at ein før i tida isolerte vegger med ull og gamle klede.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Dette påverkar framtida vår direkte, seier Eirik Hovstad, elev ved Firda vidaregåande skule.

Firda vidaregåande skule starta i haust eit nytt tilbod til elevar i tredje klasse ved studiespesialiserande linjer; valfaget Klima- og miljøfag. Skulen er den fyrste i landet til å tilby eit slikt fag. Både elevar og faglærarar er spente på framtida.

Alle burde vite meir om kva som skjer med jorda vår.

Eirik Hovstad (18)
Norfjord Folkemuseum

GAMALT MEN GODT: I dei gamle stovene på Nordfjord Folkemuseum fekk elevane innsyn i korleis gjenbruk var viktigare før i tida.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Har blitt meir medveten

– Eg har blitt meir medveten på meg sjølv og forbruket mitt, seier Hovstad.

Klima- og miljøfagsklassen på tur

PÅ TUR: Klima- og miljøfagsklassen var også på ekskursjon til Briksdalsbreen for å sjå på miljøskadar. Frå venstre: Linn Solvik Førde, Synnøve Elisa Rønnekleiv, Ingeborg Aasebø, Birte Una Songedal Liset, Joar Vonheim Heimsæter, Sander Gulliksen, Atle Nesje, Malene Leite, Emma Berge Ness, Evita Kolseth Skaar og Eirik Hovstad.

Foto: Arve Sandal / Privat

Han og medelevane er på Nordfjord Folkemuseum for å lære om forskjellane på forbruket no og for fleire hundre år sidan. Hovstad fortel at fleire av timane deira er bygde på slike turar og omvisingar. Klassen har også besøkt Briksdalsbreen med ein breekspert for å sjå dei direkte konsekvensane av den globale oppvarminga.

– Det gjev oss litt perspektiv på vår eigen kvardag, seier tredjeklassingen.

Meiner det er naudsynt kunnskap

– Me meiner at dette faget kjem til å vere svært viktig for at elevane skal kunne delta i samfunnet, etter at det grøne skiftet er i gang, seier faglærar Martin Eikeset Koren.

Martin Eikeset Koren

ENGASJERT: Faglærar Martin Eikeset Koren er engasjert i prosjektet, og håpar andre skular kjem til å fylgje Firda sitt eksempel.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Han har vore éin av fleire drivkrefter bak opprettinga av det nye faget ved skulen. I timane lærer han elevane om klimaendringar, og korleis ein samlar inn og analyserer informasjon om utslepp og klimagassar. Men sidan faget er heilt nytt har han ikkje noko fagbok å støtte seg på.

– Eg jobbar fortløpande for å skaffe læringsmateriell, og eg hentar mykje frå internett, sidan me treng oppdaterte data og målingar av temperaturar og utslepp, seier Koren.

Overlappar med andre fag

Sjølv om faget på Firda vidaregåande er nytt, er ikkje innhaldet heilt ukjend for elevane. Fleire fag i skulen har klima og miljøforvalting som ein del av sine pensum, og nokre har eigne kompetansemål for temaet.

– I desse faga får ein ikkje verkeleg fordjupe seg i problemet og finne løysingar, det er det me vil få bukt med, seier Koren.

Han trur at ved å ha eit eige fag får elevane meir innsikt i faktiske løysingar på problema.

Matematikk

OVERLAPPAR: Også fag som naturfag og samfunnskunnskap har kompetansemål innan klima og miljø.

Burde ein ikkje heller styrke dei eksisterande kompentansemåla som finst i samfunnskunnskap og naturfag, slik at alle elevar får undervising, og ikkje berre dei som har valfaget?

– Det er ein interessant tanke, men no greip me sjansen me fekk til å opprette eit fag, seier Koren.

Eirik Hovstad

NYTTIG LÆRDOM: Hovstad meiner dei kan lære noko om gjenbruk av dei gamle levevisa.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Sjølv tykkjer eg at faget kanskje burde vore obligatorisk for alle elevar, slik at alle i landet får utdjupinga, legg faglæraren til.

– Eg trur denne kunnskapen blir viktig vidare i livet, både seinare studium og i arbeidslivet, seier Eirik Hovstad.