NRK Meny
Normal

Fyllingen trur på Sogndal-skalp

- Eg må vere optimist og seie at sjansane er 50/50, seier Stian Ferstad om Fyllingen sine sjansar til å vere i tredje NM-runde når Sogndal har reist frå Varden 12. mai.

Stian Ferstad

KLAR: Stian Ferstad (t.v.) var med på å slå Brann ut av cupen i fjor. I år håpar han på å gjenta suksessen når Sogndal kjem til Varden. Biletet frå tida Ferstad hadde i Høyang-trøya.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

Bremangaren spelte heile kampen då 3. divisjonslaget sende eliteserielaget Brann hovudstups ut av cupen i 2. runde i fjor.

I år står nok eit eliteserielag mellom cupfinalisten i 1990, og 3. runde. Søndag vann Sogndal 6-2 over 3. divisjonslaget Saga .

- I utgangspunktet skal vi ikkje ha noko sjanse, men cup er cup. Og alle såg kva som skjedde i fjor, seier forsvarar Stian Ferstad.

Tredje året på rad

Med fortid i Høyang, har Ferstad opplevd både opp- og nedturar i cupoppgjer mot eliteserielag. I cupen for tre år sidan vart det 0-6 for Brann. I fjor enda draumen om Ullevaal med 1-4 heime for Viking-mannskapet til Åge Hareide.

Det er tredje året på rad at Ferstad, som opprinneleg er frå Bremanger, får måle krefter mot eliteseriespelarar.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Jubel i Fyllingen

SJÅ: Jubelscenene då Stian Ferstad og Fyllingen slo Brann ut av cupen i fjor.

- Det er det som er kjekt med cupen. Å få sjansen til å møte storlag, seier Ferstad.

- 50/50 sjanse

Fyllingen var i fjor lenge med i kampen om opprykk til 2. divisjon. I år er laget på femteplass i si 3. divisjonsavdeling etter tre kampar. Fleire spelarar har erfaring frå 2. divisjon. I tillegg er dansken David Nielsen, med erfaring frå Strømsgodset, Brann og engelsk toppfotball, registrert som spelar.

Med ein dårleg dag for Sogndal og ein god dag for Fyllingen, meiner Ferstad at alt er mogleg.

- Vi er eit godt lag og dei har fått ein dårleg start på Tippeligaen. Normalt sett skal dei slå oss, men er eg optimist så er sjansane 50/50, seier Ferstad og forsikrar at han har ingenting imot å sende Sogndal ut av cupen.

- Nei, sjølvsagt ikkje. Vi går på bana for å vinne.

Lovar kamp

Etter å ha teke skalpen på 2. divisjonslaget Førde i første runde av cupen, er trenar Kjetil Knutsen glad for å få eit eliteserielag i andre runde.

Også han lovar Sogndal god motstand. Saftlaget tok seg i fjor til semifinalen der dei tapte for Follo.

- Vi meiner sjølvsagt, og trur på, at vi har ein sjanse. Vi slo Brann i fjor, og då er det mogeleg å slå ut Sogndal også. Vi er ikkje favorittar, men eg trur vi skal klare å bite godt frå oss, meiner han.

Video Sogndal - Saga

SJÅ: Slik tok Sogndal seg til andre runde av NM-cupen på søndag.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.