Hopp til innhold

Fyllingen-spelar til Førde

Førstedivisjonslaget til Førde Handball blir forsterka med 20 år gamle Anniken Bjorøy, som spelte i 1. divisjon for Fyllingen sist sesong.

Anniken Bjorøy

VENSTREHENDT: Anniken Bjorøy kan spele både back og kant.

Sportsleg leiar Odd Erik Gullaksen i Førde Handball seier at dei eg godt nøgde med å ha sikra seg den venstrehendte spelaren, som spelte 2. divisjon for Sotra, før ho i fjor gjekk til Fyllingen og 1. divisjon.

Medan Førde rykte opp, rykte Fyllingen ned att. Anniken Bjorøy sette inn 38 mål på dei 22 seriekampane ho spelte for Fyllingen.

Odd Erik Gullaksen

GODT NØGD: Sportsleg leiar Odd Erik Gullaksen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Den nye spelaren blir med når Førde denne helga spelar i ein cup på Ski, og på treningsleir i Danmark komande veke.

– Fleire av spelarane våre kjenner Anniken godt frå regionsamlingar, og vi har spelt mot ho då ho var i Sotra. Vi er trygge på at ho vil passe godt inn i spelargruppa vår.

Han fortel at Anniken Bjorøy har ein sambuar som skal ta til på sjukepleiestudiet i Førde. Sjølv skal ho drive med nettstudium som ho håpar å kunne kombinere med ein jobb, seier Gullaksen.

Førde debuterer i 1. divisjon på heimebane 3. september. Motstandar er Skrim Kongsberg, som vart nummer tre sist sesong, to poeng frå opprykk til Toppserien.