Hopp til innhold

Fyller sommaren med matte

To veker med matematikk er kanskje ikkje det folk flest kan tenkje seg å bruke sommaren til. Men 17 ungdommar gjer nettopp det - på Mo og Jølster vidaregåande skule.

Sommarskule med matematikk på Mo

INNE I SOMMARVÊRET: Matematikkundervisning på Mo.

Foto: Birthe Johanne Finstad / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Alberto Carlos Smedsplass (19) frå Førde og Cathrine Skeide (17) frå Fjærland er to av elevane som er på plass på Mo. Dei bur på internatet saman med dei 15 andre elevane.

– Det er veldig bra her, hyggelege lærarar, god mat og bra å få bu her. Det er intensivt med så mykje matte, men det er bra å få ein sjanse til. Eg må ha karakteren for å få fagbrev, og då vil eg heller ta sommarskule enn å vere privatist. Her er det lærarar, og vi får hjelp undervegs, seier Skeide.

– Puggar mykje

Også Smedsplass er glad for ein ny mattesjanse. Han ønskjer å verte personleg trenar og treng matte i den vidare utdanninga. Han jobbar hardt i dagane fram mot eksamen som er i dag, fredag 6. juli.


– Det blir mykje jobbing utanom undervisninga. Eg puggar mykje og sit på kveldane og skriv reglar omatt og omatt for at dei skal sitje, fortel han.

Sommarskulen er eit tilbod for elevar som fekk karakter 1 i standpunkt eller til eksamen no i vår. Dei har meldt seg på sjølve og får dekt alt utanom reisa til og frå skulen.
Elevane har også fått tilbod om noko undervisning på kveldstid. Det er i tillegg lagt opp til sosiale aktivitetar, noko som trengst innimellom all matematikken.

Sommarskuleelevar på rafting i Jølstra

LITT FRITID: Elevane fekk med seg ein raftingtur i Jølstra.

Rafting og pizza

Miljøkoordinator ved Mo og Jølster vidaregåande skule, Tom Arve Stigen, er ansvarleg for kveldsaktivitetane. Han er tilgjengeleg for elevane fram til klokka 21 på kvelden. Elevane har vore på Peppes Pizza og på shopping i Førde, og tysdag var Stigen med elevane på rafting i Jølstra. Han legg likevel vekt på at den viktigaste jobben han gjer er usynleg.

– Det er eit veldig trykk med så intensivt opplegg i to veker. Elevane har folk rundt seg heile døgnet, og vi prøver å fange det opp om dei har ei negativ oppleving eller åtferd.

– Samstundes som målet er å få alle gjennom eksamen, er det viktig med korte avbrekk frå matematikken. Det får elevane til dømes når vi er på rafting. Eg hjelper dei å få tankane vekk frå matten og tilbake att, seier han.

Motiverande for læraren

Dette er tredje året det er sommarskule på Mo, og det er tredje året Øyvind Wahl har ansvaret for undervisninga. Han har 50 timar med matteundervisning fordelt på ni dagar. Med seg har han Leif Magne Aarnes, som har 20 timar undervisning.

– Det er lange dagar, men eg likar forma på det. Elevane konsentrerer seg berre om matte, og vi har eksamen som eit klart mål. Alle elevane ønskjer å stå på eksamen, og då er det motiverande å jobbe som lærar, seier Wahl.