Hopp til innhold

Fyllekøyring, vald og rus - slik var natta for politiet

Etter den søte kløa kjem den sure svia for fleire kvinner og menn i fjordfylket i dag. Naudetatane hadde nok å gjere natt til 3. juledag.

Dette skjedde i natt i følgje politiet sin operasjonssentral i Florø (klokkeslettet fortel når politiet gjorde hendinga kjend på Twitter):

Klokka 01.14: Eigar av ein bil i Stryn mistenkt for å ha overlate bilen sin til ein som køyrde i rusa tilstand og utan førarkort.

Klokka 01.22: Jente i tenåra sett i arrest for ordensuro i Sogndal. Ho var overstadig rusa.

Klokka 02.55: Ein person fall i sjøen i Florø. Kom seg på land, og teken hand om av helsevesenet.

Klokka 02.56: Gjest slo til vakt på utestad i Selje. Teken hand om av kjende og drog frå staden før politiet kom til.

Klokka 02.57: Rusa jente i tenåra køyrd heim av politiet i Førde.

Klokka 02.59: Ein person blei slegen til på ein utestad. Mistenkte blei bortvist frå Florø sentrum.

Klokka 03.00: Ein slegen til på Sandane, kjend gjerningsperson. Fornærma vil melde det som skjedde.

Klokka 03.44: Trafikkuhell rett vest av Vadheim på E39 kl 0344. Einsleg bil blei liggande på sida og sperra vegen. Ikkje personskade.

Klokka 04.31: To personar i Førde og Sogndal har ikkje gjort opp for seg etter tur med drosje.