Fyllekøyring og slåsting

Ein mann er mistenkt for å ha køyrt bil medan han var påverka av alkohol i Kjenndalen i Stryn. Han vart i natt tatt med til legevakta i Stryn, for blodprøve, ifølgje politiet. I tillegg rykka ein politipatrulje ut til samfunnshuset i Florø, der ein mann i tjueåra og ein i trettiåra var i gang med eit slagsmål. – Vi snakka med dei to og mekla litt, så det vart ordna på staden, fortel operasjonsleiar Arve Samsonsen. Ingen vart skada, men dei to mennene vart dimitterte frå staden.