Hopp til innhold

Fyllekøyrde utan førarkort – det straffa seg

Den latviske mannen hevda i retten at han hadde lov å køyre utan førarkort. Men verken det eller fyllekøyringa kom han seg unna.

20. november i 2016 hadde latviaren krangla med kjærasten. I retten kom det fram at han følte at han trengde å ta seg ein køyretur, noko som ikkje er så smart når du samstundes har drukke alkohol. At han ikkje hadde førarkort verka heller ikkje så nøye, for i retten prøvde mannen å forklare kvifor.

Han hevda hardnakka at han hadde fått beskjed frå ein namnlaus politimann at han kunne køyre i Norge med sitt latviske førarkort. Dette tykte politiet var rart, så dei sjekka med latviske styresmakter. Det synte seg at der hadde han alt i 2014 blitt fråteke førarkortet i Latvia – for fyllekøyring.

– Politiet innhenta i november 2016 uttale om dette frå latviske styresmakter, som har informert om at mannen sitt førarkort vart inndrege for fire år i januar 2014. Det skjedde samstundes med at han vart dømt til 10 dagars fengsel og bot på 1.200 Euro for å ha ført motorvogn i Latvia medan han var under alkoholpåverknad. Han har med andre ord ikkje hatt noko form for gyldig køyreløyve etter januar 2014, kjem det fram i den ferske dommen mot mannen.

Sogn og Fjordane tingrett meiner at mannen ikkje hadde nokon grunn til verken å køyre i fylla eller køyre utan førarkort, så dei har dømd han til 22 dagar i fengsel og til å betale ei bot på 16.000 kroner.