NRK Meny
Normal

Politiet såg promillekøyraren hoppe over fartshumpane

Sunnfjordingen snudde sporenstreks då han såg politikontrollen, men køyrde av vegen og vart ferska likevel. No er han dømd for promillekøyring.

Fjordane tingrett 12

ILLUSTRASJON: Med ein promille på 1,23 køyrde mannen i 20-åra i høg fart

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det var i 04-tida ei marsnatt i år at sunnfjordingen i 20-åra vart teken for promillekøyring i Førde. Blodprøve vel ein time etter køyreturen viste ein promille på 1,23.

Hoppa over fartshumpar

Men mannen prøvde å unngå å bli teken. Då han såg promillekontrollen, snudde han og køyrde i høg fart av hovudvegen og inn i eit bustadfelt.

På den smale og til dels uoversiktlege vegen køyrde han langt fortare enn dei tillatne 30 km/t.

Ifølgje rapporten frå polititenestemennene hoppa han over fartshumpane, fekk skrens i ein venstresving og køyrde i grøfta. Like etter kom mjuke trafikantar forbi staden.

Redusert straff

Sjølv om skadepotensialet var stort, meinte tingretten at påstanden om 36 dagar fengsel var i strengaste laget. Dette fordi mannen erkjende forholdet allereie før saka kom opp for retten

Ut frå mannen sin økonomiske situasjon meinte retten også at påstanden om 57 000 kroner i bot var for streng.

Mannen, som tidlegare er dømd for mellom anna omgang med dopingmidlar, vart dømd til fengsel i 30 dagar og 35.000 kroner i bot. Han må også klare seg to år utan førarkort.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser