Hopp til innhold

Fyllekøyrar med to i promille meidde ned 12-åring

Den 12 år gamle jenta var ute og sykla og ana fred og ingen fare før ho blei køyrd ned av ein fyllekøyrar.

Høyanger vidaregåande skule

SKULEOMRÅDE: Den 12 år gamle jenta skulle krysse fotgjengarfeltet like ved den vidaregåande skulen i Høyanger, då ho blei påkøyrd.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Påtalemakta har no teke ut tiltale mot ein 53 år gamal sogning etter at han 19. august i fjor køyrde på jenta i gangfeltet ved Høyanger vidaregåande skule.

– Påkøyrsla førte til at syklisten flaug av sykkelen og landa mellom gangstien og vegen. Ho blei stiv og støl i kroppen, og fekk skrubbsår som følgje av fallet, står det å lese i tiltalen mot mannen.

Nær tre timar etter ulukka blei det teke blodprøve av mannen, og den synte at han hadde ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 2,18 promille.

– Han var ikkje tilstrekkeleg omsynsfull og varsam, skriv politiadvokat Malin Skeibrok Ånensen i tiltalen.

Etter påkøyrsla klokka halv ni søndag 19. august, blei mannen raskt pågripen av politiet i Høyanger sentrum.

– Vi hadde vitne til hendinga og fekk i tillegg eit nytt tips om mistenkeleg bilkøyring. Ein kollega i sivil, som var på ferie, tok kontroll på mannen til politipatruljen kom til staden, sa operasjonsleiar Inge Værøy til NRK den gongen.

Saka kjem opp for Fjordane tingrett 10. juni. Verken forsvarar Ivar Blikra eller aktor Malin Skeibrok Ånensen har vore tilgjengelege for kommentar.