Hopp til innhold

Fyllar minibankar i tilfelle streik

– Sparebanken Sogn og Fjordane førebur seg på å fylle opp minibankane i tilfelle bankstreik, seier banksjef Arve Sandal.

Minibank

FYLLER OPP: Sparebanken Sogn og Fjordane førebur seg på at det kan bli streik.

Foto: FRANCOIS DESTOC / PHOTOPQR/LE TELEGRAMME

Finansforbundet og Finansnæringens Arbeidsgiferforening (FA) er ikkje blitt samde i dei frivillige forhandlingane i årets mellomoppgjer. Riksmeklingsmannen har kalla partane inn til mekling i dag.

Då det var streikfare i 2006 stod folk i fylket i kø for å ta ut kontantar. Difor er banken budd denne gongen.

– Ein del av kundane våre sikra seg ved å ta ut kontantar på førehand. Vi er spente på om det blir semje mellom partane i dag, men vi er budde på at konflikten går vidare til neste forhandlingsmøte på måndag, seier Sandal.

Dersom det ikkje blir semje i løpet av 6. juni, blir det streik i bankene frå morgenen etter.

Ifølgje Finansforbundet kan over 15.000 banktilsette kan bli tekne ut i streik dersom partane ikkje blir einige.