Hopp til innhold

Skrekkmåling skremmer distriktsleiaren i Trygg Trafikk

– Urovekkande at nokon tek sjansen og køyrer så fort. Jo høgare fart, dess større skade kan det bli ved ei ulukke.

Audun Heggestad

SKREMD: Distriktsleiar i Trygg Trafikk, Audun Heggestad, er skremd over fartsmålinga politiet gjorde i Hornindal i natt. – Men politiet skal ha ros for at dei er synlege og held kontrollar på nattetid og i helgane. Det er eit veldig viktig førebyggande arbeid, seier han.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Det seier distriktsleiar i Trygg Trafikk, Audun Heggestad, etter at ei tenåringsjente vart målt til 132 km/t i snitt i ei 80-sone ved Grodås i Hornindal.

Han minner om at fart medverkar til mange ulukker og at skadeomfanget aukar med farten.

– Det er kanskje ikkje stor trafikk på nattetid, men du har trekk av dyr og folk kan faktisk gå langs vegane, seier han.

– Burde vite betre

Målinga i Hornindal er av det sjeldne slaget. Erfaringane til politiet er at tenåringane ikkje nødvendigvis er dei som køyrer fortast. Målepunkt langs vegane viser også at farten i Norge går ned.

Likevel gjer politiet ekstreme målingar som i natt.

– Det er ikkje lenge sidan føraren fekk førarkortet, men ho burde vite betre. No avgjer juristane kva som skjer vidare, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Vest politidistrikt i Florø.

Hengde ut vindauge

Heggestad deler uroa.

– Bremselengda blir lengre og du får kortare tid til å handle på om noko skjer. Er du i tillegg ung og uerfaren, så skjer ting fort, seier han.

I tillegg vart seks passasjerar tekne på fersken medan dei hang ut av vindauge og takluke på bilar i Stryn. Alle fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte.

– Dette er forkasteleg og uforsvarleg. Det har vore tilfelle der folk ramlar ut og blir skadde, seier Holme.

– Dumdristig

– Dumdristig. Er du ikkje på plassen din, så har du ikkje belte. Då har du allereie brote det viktigaste trafikktryggleikstiltaket om noko skjer, legg Heggestad til.

– Dei som gjer slike ting er kanskje i feststemning, men då er det endå lettare å falle ut, seier han.

Det står ingenting i politiloggen om farten på bilane eller reaksjonar mot førarane.

– Føraren er den som er ansvarleg for at last og dei som er i bilen er forsvarleg sikra, men passasjerane skal heller ikkje uroa føraren, seier Heggestad.

Knekt nase

Festivalar har samla mykje folk både i Vik og Stryn i helga. Med det aukar også sjansen for at folk kjem på kant med lovverket. Og spesielt i Stryn har politiet hatt mykje å henge fingrane i, med fleire slagsmål, ordensuro og overstadig rusa personar.

Det kjem ikkje fram at nokon har kome til skade, men ei jente i slutten av tenåra fekk tilsyn av helsepersonell då ho meinte å ha fått noko ho ikkje tolte i drikka si.

I Vik er to menn i 20-åra melde etter at ein mann i 30-åra fekk knekt nasen.