NRK Meny
Normal

Politiet har hatt hendene fulle

Politiet har ordna opp i bråk og klammeri i heile fylket natt til laurdag.

politi illustrasjon

MÅTTE KØYRE FOLK HEIM: Politiet har ikkje vore arbeidslause natt til laurdag.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Gloppen: I 02-tida tok politiet hand om ein mann i 20-åra. Mannen er mistenkt for promillekøyring på Sandane. Mannen vart teken med til lege for blodprøvetaking.

Høyanger: I 02.30-tida vart ein bil avskilta i Høyanger etter pålegg frå Statens vegvesen. Det var ikkje betalt årsavgift og bilen hadde ikkje vore på nødvendig EU-kontroll.

Florø: I 0230-tida fekk politiet melding om ein rusa mann i sentrum. Vedkommande vart køyrt heim.

Førde: Klokka 0240-fekk politiet melding om ei knust rute i ei dør ved ein serveringsstad i Førde sentrum. Politiet kom til staden. Ein rusa mann i 20-åra vart pågripen og sett i arrest.

Luster: I Gaupne måtte politiet gripe inn for å stoppe såkalla "ordensuro" i 0348-tida. Det var to personar som var i klammeri med kvarandre, og politiet køyrde den eine heim.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.